Opningstider i jula 11.12.24: Frivilligsentralen stenger i jula, men biblioteket har noko ope - med litt ekstra kos å by på.
Politikarpraten #7 02.12.24: Har du tankar eller innspel til revidering av dei langsiktige samfunnsmåla for Vang kommune? På politikarpraten måndag 9. desember set vi av to timar, kl 16.30-18.30, for å ta imot innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel. Du kan også kome med innspel om andre saker.
Vil du gi ei julegåve? 28.11.24: Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Generasjonstreff med babysang 07.11.24: Det er klart for eit nytt generasjonstreff med babysang på Fjordstøga på Vangsheimen, torsdag 14. november kl 11-13.
Programmet for frivilligmarknaden er klart 07.11.24: På laurdag 9. november brakar det laus i Vangshallen når frivillige lag skal vise fram alle dei flotte aktivitetane du kan delta på i Vang!
Digi-hjelp på Onsdagskaféen 07.11.24: Våre frivillige digi-vertar hjelper deg med dine digitale utfordringar! Neste treff er onsdag 20. november kl 11 - 13 på Drengestøga.
Haustprogrammet for november og desember er lansert 01.11.24: Vi har mykje spanande på plakaten dei siste to månadene i 2024!
Politikarpraten #6 31.10.24: Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene! Neste Politikarpraten er måndag 11. november kl 16.30-17.30.
Resultat frå årets TV-aksjon 24.10.24: TUSEN TAKK til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!! Det har vore fantastisk moro å sjå all bygginga og all anna aktivitet som så mange har deltatt i!!
Møteplassen 16.10.24: Velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar på Mjøsvang Kafé, torsdag 31. oktober kl 15.
Nominer årets positive vangsgjelding! 10.10.24: Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut prisen til årets positive vangsgjelding på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 4. desember. No kan du nominere din kandidat!
Frivilligmarknad 2024 09.10.24: Vi gjentek suksessen frå 2022 og inviterer til storslått Frivilligmarknad i Vangshallen, laurdag 9. november kl 12-15!
Besøksvenkurs 02.10.24: Grindaheim Røde Kors besøksteneste og Vang frivilligsentral inviterar til Kurs for besøksvener, torsdag 24. oktober kl 16 - 19 på Vang folkebibliotek.
TV-aksjonen 2024 01.10.24: Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen. Dei skal bygge familiehus ved dei store sjukehusa slik at barn med alvorleg sjukdom kan få vere saman med familien sin. Slik kan du delta i aksjonen i Vang:
Samtale og minikonsert med Fay Wildhagen 27.09.24: Onsdag 9. oktober kl. 19:00 får vi storslått besøk når sjølvaste Fay Wildhagen kjem til Vang folkebibliotek for å spele nokre låtar og prate om livet. Arrangementet er eit samarbeid mellom Vinjerock, Vang Frivilligsentral og Vang Folkebibliotek.
Nærtur: Lyrja 05.09.24: Onsdag 18. september kl 17:00 går turen til Lyrja, ved Syndinvegen mot Langehage.
Politikarpraten #4 04.09.24: Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene! Neste Politikarpraten er måndag 16. september kl 16.30-17.30.
Digi-hjelp hausten 2024 04.09.24: Våre frivillige digi-vertar Derk, Boye, Håkon og Svein Ove hjelper deg med dine digitale utfordringar.
Program for september - oktober er lansert 04.09.24: Vi har mykje spanande på plakaten dei neste månadene. Velkomen til kulturelle, sosiale, politiske, aktive, underhaldande og interessante #møtermellommenneske :)
Haustutstilling i Vang med glaskunstnaren Ida Siebke. 04.09.24: Fredag 6. september kl 18:00 inviterer kunstutvalet til opning av årets haustutstilling med glaskunstnaren Ida Siebke
Nærtur: Hamaren 07.08.24: Ta på deg regnjakka og bli med, det blir nok litt nedbør men vi tar turen likevel!
Referat frå kurset med frivillige lag 21.06.24: 18. april 2024 var frivillige lag i Vang samla på biblioteket for eit kurs i styrearbeid. Dei reflekterte over ulike spørsmål, og utveksla erfaringar om ei rekke relevante emner.
Politikarpraten #3 29.05.24: Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia i forkant av kommunestyremøta! Politikarpraten #3 blir på Vang folkebibliotek, måndag 10. juni kl 16.30-17.30.
Møteplassen 22.05.24: Velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar - torsdag 6. juni kl 15:00 på Mjøsvang kafé!
Vesle-vinje 2024 21.05.24: Velkomne til den historiske premiera på Vesle-Vinje! Ein vaskekte barnefestival skipa av Vinjerock, Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral <3 Vesle-Vinje finn sted kring Vangstunet i Vang sentrum, 25. mai 2024 kl 11:30-16:00
Nærtur: Historisk vandring på Lerhol 10.05.24: Frivilligsentralen og folkehelsekoordinator, saman med fleire andre, arrangerer nærturar rundt omkring i Vang. Oppdag nye stigar og bli kjent med nye naboar!
Generasjonstreff med babysang 07.05.24: Torsdag 16. mai kl. 11-13 er det nytt generasjonstreff med babysang på Fjordstøga, Vangsheimen.
Politikarpraten #2 30.04.24: Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia i forkant av kommunestyremøta!
Ferskingkurs i friluftsliv 12.04.24: Ønskjer du å vere meir ute i naturen? Treng du ei oppfrisking i friluftsliv, eller du vil lære deg korleis bruke kart og kompass, primus, eller effektiv båltenning? DNT Valdres, Vang frivilligsentral og Vang turlag inviterer til ferskingkurs i friluftsliv, 4 måndagskveldar i april og mai.
Klesbyttedagen 2024 25.03.24: Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld 22.03.24: Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.
MØTEPLASSEN 22.03.24: Torsdag 11. april kl. 14 ønskjer vi velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar! Denne gongen møtast vi på Mjøsvang Kafé.
Nærtur på truger: Stele - Hagfellknuppen 11.03.24: Frivilligsentralen og folkehelsekoordinator, saman med fleire andre, arrangerer nærturar rundt omkring i Vang. Oppdag nye stigar og bli kjent med nye naboar!
Generasjonstreff med babysang 11.03.24: Torsdag 21. mars kl 11 er det tid for eit nytt generasjonstreff med babysang, denne gongen på biblioteket.
Politikarpraten 07.03.24: Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia i forkant av kommunestyremøta! Første Politikarprat blir på Vang folkebibliotek, måndag 18. mars kl 16.30-17.30.
Årsmøte 2024 01.03.24: Årsmøte 2024 blir halde i Hovudutval for levekår tysdag 19. mars kl 09:00 på Vangsheimen. Årsmøtet er ope for brukarar av sentralen sine tenester og andre interesserte.
Ahmad tok lappen på rekordtid 23.02.24: Etter 3-4 månader med intensiv øvingskøyring bestod Ahmad Mohamed Ali Obo (41) oppkøyringsprøva på første forsøk!
Frivilligkoordinatoren er tilsett 30.01.24: Vi er veldig glade for å ha tilsett Inger Kongslien Tveit i 50% fast stilling som frivilligkoordinator ved Frivilligsentralen!
Program fram til vinterferien 29.01.24: Plutseleg er det berre ein månad til vinterferien 😳 Her er i alle fall alt du kan delta på hos oss og Vang folkebibliotek den neste månaden!
Leva heile livet-treff 29.01.24: Velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar! Denne gongen møtast vi på Filefjellstuene, torsdag 8. februar kl 14.
Generasjonstreff med babysang 19.01.24: Våren 2024 blir det tre generasjonstreff med babysang, leia av Anne Lajord Belsheim.
Musikk og lyrikk 04.01.24: Vi markerer Den klassiske gitarens dag med ein lyrisk kveld på Vang folkebibliotek, sundag 4. februar kl 19:00.
Digikafé 03.01.24: Velkomen til ein ny sesong med digi-kafé på Vang folkebibliotek! Her kan du bli tryggare på data og smarttelefon, og oppdage moglegheitene du får med meir digital kompetanse.
Opningstider i jula 21.12.23: På frivilligsentralen tar vi no juleferie fram til over nyttår, men biblioteket held ope 10-14 ons/tors/fre i romjula, og BUA har normal opningstid heile høgtida gjennom
Frivilligmagasinet er ferdig! 21.12.23: Rykande ferskt frå trykkeriet er no Frivilligmagasinet på veg ut i postkassa til alle i Vang :)
Julegåveinnsamling 29.11.23: Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
BOKKVELD med utdeling av positivprisen 29.11.23: Onsdag 6. desember kl. 19 inviterer vi til den tradisjonelle bokkvelden på Vang folkbibliotek!
Generasjonstreff med Juleverkstad 29.11.23: Vang folkebibliotek, Vang frivilligsentral og helseavdelinga i Vang kommune inviterer til generasjonstreff med juleverkstad tysdag 5. desember kl 13 på Vang folkebibliotek.
Leva heile livet: Felles middag og aktivitetar 16.10.23: Torsdag 26. oktober kl. 14.00 gjentek vi suksessen med felles middag og aktivitetar på Tyinkrysset fjellstue!
TV-aksjonen 2023 05.10.23: Årets aksjon går til Redd barna sitt arbeid med å hjelpe barn som er ramma av krig og konflikt. Aksjonen går av stabelen sundag 22. oktober.
Generasjonstreff i høve Verdensdagen for psykisk helse 03.10.23: Tysdag 10. oktober kl 13 ønskjer vi velkomen til generasjonstreff med kaffi, saft og kake, spel og leiker, og triveleg samvêr på Vang folkebibliotek
BOREAL MIS-FIGUR 22.09.23: Kunstutvalet ynskjer velkomen til haustutstilling med Gerd Wevling Matre, Fredag 29. september kl. 18.00-19.00 på Vang folkebibliotek
Digi-kafé 20.09.23: Bli tryggare på data og smarttelefon, og oppdag mogelegheitene du får med meir digital kompetanse!
Leva heile livet: felles middag og aktivitetar 19.09.23: Prosjektgruppa for Leve heile livet i Vang inviterer i samarbeid med Vang frivilligsentral og Tyinkrysset fjellstue til felles middag og aktivitetar Torsdag 28.sept. kl 14 på Tyinkrysset fjellstue. Velkomen til ein sosial og triveleg møteplass!
Program fram mot haustferien er klart 25.08.23: Saman med biblioteket og fleire andre inviterer vi til ei rekke gode møteplassar dei neste vekene :)
Nærtur: Nørsvinsfjorden 25.08.23: Frivilligsentralen og folkehelsekoordinator, saman med fleire andre, arrangerer nærturar rundt omkring i Vang. Oppdag nye stigar og bli kjent med nye naboar! Torsdag 7. september kl 17:00 går turen til Nørsvinsfjorden.
Lokalvalsdebatt 03.07.23: I september skal vi stemme inn kven som skal styre Vang den neste fireårsperioden. Vang folkebibliotek, Vang frivilligsentral og Avisa Valdres inviterer til Lokalvalsdebatt på Vang folkebibliotek, onsdag 30. august 19:00 – 21:00
Sommartider hej hej 30.06.23: Frivilligsentralen er stengt fram til 6. august. Men BUA og biblioteket er ope heile sommaren!
Evaluering av frivilligsentralen og BUA 29.06.23: I høve frivilligsentralen sitt 10årsjubileum, samt at det ved oppretting av BUA i 2021 var bestemt at ordninga skulle evaluerast etter 2 år, har frivilligsentralen gjennomført ei samla evalueringa av drift, satsingsområde og potensiale for framtida. Her kan du lese rapporten.
Sommarfest 02.06.23: Laurdag 10. juni kl 12 inviterer Frivilligsentralen, Vinjerock, mottaket og biblioteket til sommarfest i Vang!
Spesielle åpningstider i BUA i mai 11.05.23: Uke 20: ope tysdag 16. mai kl 15-17, stengt torsdag 18. mai. Uke 21: ope onsdag 24. mai kl 15-17, stengt både tysdag og torsdag.
Konsert med Malin Jonsson 14.04.23: Onsdag 26. april kl. 19.00 kjem artist og låtskrivar Malin Jonsson til Vang folkebibliotek. Saman med den eminente gitaristen Bjørn Løvås vil ho framføre både eigne songar og eit utval frå det svenske 80-talet.
Den store klesbyttedagen 12.04.23: Laurdag 22. april kl 10-14 inviterer vi til den store klesbyttedagen! Har du nokon plagg du vil bytte bort??
Påsketider 30.03.23: Frivilligsentral held stengt heile påskeveka, men biblioteket inviterer til påskeverkstad og hygge - og BUA er klare for utlån
10årsjubileet - for ein fest! 30.03.23: 10årsjubileet er vel overstått, og 60 frammøtte bidrog til å gjere dette til ein veldig triveleg kveld <3
Årsmøte 2023 er gjennomført 07.03.23: 7. mars hadde frivilligsentralen sitt årsmøte 2023, i Hovedutval for levekår
Frivilligsentralen feirar 10 års-jubileum! 02.03.23: Det er 10 år sidan Vang frivilligsentral opna. Mykje har skjedd sidan den gong, og det lyt feirast; vi inviterer til jubileumsfest måndag 20. mars kl 19 på Vang folkebibliotek!
Vinterferie i Vang 22.02.23: Velkomen til kreative dagar på biblioteket og aktivitetsdag i akebakken!
Program fram mot påske 16.02.23: På biblioteket, frivilligsentralen og i BUA har vi mykje på plakaten utover seinvinteren!
BUA 2 år 15.02.23: I februar er det 2 år sidan BUA Vang opna! Dette feirar vi torsdag 23. februar kl 15-18 med utvida opningstid, pølse på bålpanna og kake i BUA. Ei real kakebu der altså ;)
Evaluering av frivilligsentralen 08.02.23: Vi fyller 10 år, og i det høve ønskjer vi å finne ut: kva posisjon har frivilligsentralen i Vang pr i dag? Og kva vi bør satse på framover for å oppnå vårt hovudmål og vår visjon?
Opningstider i jula 13.12.22: Frivilligsentralen held stengt veke 51 og 52, men biblioteket og BUA held ein del ope.
I dag lanserast foreningsportalen! 06.12.22: I over eitt år har vi arbeidd med å lage ein heilt eigen foreningsportal for Vang, og i dag er endeleg dagen her - no er den lansert!
Vil du gi ei julegåve? 29.11.22: Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
TV-aksjonen 05.10.22: Årets TV-aksjon går til Leger uten grenser sitt viktige arbeid med å gi livreddande helsehjelp til dei som treng det mest.
Vi søker AlleMed-koordinator! 01.10.22: Har du eit hjarte for inkludering av barn og unge? Søk på denne spanande stillinga!
Oppsettet for foreningsportalen er klart! 27.09.22: Så snart lag og foreningar har lagt inn sin informasjon, er vi klare for lansering.
Hyttebygging i framtidas Vang 02.06.22: Avisa Valdres sin debattserie 'Hytteparadokset' satte i gong diskusjonar om dei ulike sidene ved hyttebygging i Valdres. Også nasjonalt har det blitt mykje fokus på temaet, og no ønskjer vi å løfte diskusjonen i Vang. Velkomen til samtaler og debatt på Vang folkebibliotek onsdag 8. juni kl 19!
Barseltreff 22.03.22: Saman med helsestasjonen inviterer vi til barseltreff på Vang folkebibliotek måndag 28.mars kl 11-13! 👶
Saltmannvegen 22.03.22: Torsdag 31. mars kl 19.30 inviterer Vang historielag i samarbeid med Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek til foredrag med Ragnar Eltun om Saltmannvegen over Filefjell.
Temakveld om demens 15.03.22: - korleis kjenne att symptoma? Måndag 28. mars kl 18.30 på Vang folkebibliotek
Frivilligmarknad 30. april 2022 kl 12-16 01.03.22: Frivillige lag inviterast til å vise seg fram i og utanfor Vangshallen! Målet er at publikum skal få info og gode inntrykk av alle aktivitetar ein kan delta på i Vang, og at laga kan verve nye medlemmar/deltakarar.
Nytt styre og ny handlingsplan 28.02.22: Årsmøte 2022 er gjennomført, ein nytt styre er på plass og handlingsplanen for 2022 er vedtatt
Vårprogrammet er klart 27.02.22: Omsider er vi i mål! Saman med Vang folkebibliotek gler vi oss til å endeleg invitere dykk inn - så godt som utan restriksjonar ❤
Nye tider i BUA 17.01.22: Frå januar 2022 er det nye rutiner i BUA. Ta kontakt på frivilligsentralen@vang.kommune.no eller 46 81 64 73 for å avtale utlån, så møter Mona eller Marte deg i BUA til avtalt tidspunkt. Vi kan også vere behjelpelege med å frakte utstyret til andre hentepunkt om du ikkje har høve til å kome til BUA.
Lekseklubben startar opp igjen! 20.08.21: Tysdag 24. august kl 15 er lekseklubben i gang igjen, på Vang folkebibliotek
Frivilligsentralen er open igjen 03.08.21: Ferien er over, og frivilligsentralen er igjen open som normalt.
Sommerstengt 01.07.21: Frivilligsentralen held stengt i juli, og ønskjer alle ein god sommar! Men på BUA er det normal opningstid heile sommaren - tysdag og torsdag kl 15-18 :)
Auka aktivitet - litt meir normalitet 14.04.21: Frå fredag går dei nasjonale retningslinene tilbake til slik dei var før påske. Det betyr at vi startar opp igjen dei faste aktivitetane våre, med max 10 deltakarar.
Årsmøte 2021 og nytt styre 03.03.21: 24. februar var årets årsmøte gjennomført, og vi har fått nytt styre.
Vårprogrammet 2021 er lansert! 11.02.21: Denne våren er det utfordrande å vite kva vi kan gjennomføre. Difor presenterer vi våre faste aktivitetar, samt nokre av arrangementa vi ønskjer å få til - men der ikkje alle datoar er spikra.
BUA er no ope! 11.02.21: I BUA kan du låne ski, truger, akematter, bålpanne, telt, soveposar - og ein masse andre ting til friluftsliv, sport og leik. Heilt gratis!
BUA Vang opnar torsdag 02.02.21: Med slagordet «barn og ungdom i aktivitet» er det klart for opning av BUA Vang torsdag.
BUA-generalen er på plass! 15.12.20: Nytilflytta vangsgjelding Are Flaten har tatt fatt på jobben som medarbeidar i frivilligsentralen i 20% stilling. Han gler seg til januar, når han kan opne dørene i BUA Vang!
Styreleiar for Norges frivilligsentraler 19.11.20: Marte Tangen er nett valt til ny styreleiar for Norges frivilligsentraler, som organiserer så godt som alle frivilligsentalane i landet.
Vil du gi ei julegåve? 09.11.20: Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born som ikkje har så mykje. Vil du bidra?
Vi søker ein ny medarbeidar! 23.10.20: Det er ledig 20 % stilling ved Vang frivilligsentral, i ein 2-årsperiode. Stillinga er eit vikariat for dagleg leiar som skal ha deltidspermisjon.
Haustprogrammet er klart! 03.09.20: Med smittevernreglar og strenge plassrestriksjonar inviterer vi igjen til ei rekke arrangement og aktivitetar. I haust kan det bli fullt på enkelte arrangement, så vil du sikre deg plass kan det vere lurt å melde seg på på førehand. Vi fører deltakarlister på alle arrangementa, og er det plass kan du møte opp i døra.
Niste med noko attåt 13.08.20: Vi startar opp ein ny, fast møteplass, nemleg ‘Niste med noko attåt’! Kvar måndag frå 11.30 til 12.30 er folk velkomne til å spise nista si saman på biblioteket – og det er sjølvsagt lov å kome utan niste óg. :)
Vi opnar dørene! 02.06.20: Frivilligsentralen er no ope! :) Vi nyttar dei same rutinene som biblioteket har:
Vil du sy smittefrakkar? 23.04.20: Også i Vang er det no eit auka behov for smittevernutstyr, som til dømes smittefrakkar. No er stoff og mønster på plass, og vi er på jakt etter frivillige med symaskin og syferdigheiter!
Alternativ for videomøter og videochatting 20.03.20: Dette er tida for videosamtalar! Både i bedriftene, for frivillige lag og andre samanslutningar, og for familie og vener. Denne lista er langt frå utfyllande, og garantert ikkje feilfri, men forhåpentlegvis kan den hjelpe deg å navigere i jungelen av ulike tenester. Håper du finn noko som passar for deg!
Stengt - men tilgjengeleg! 16.03.20: I samråd med kommuneleiinga er no Vang folkebibliotek og Vang Frivilligsentral stengt. Dette gjeld all planlagt aktivitet, førebels fram til 26. mars.
Vårprogrammet er lansert! 29.01.20: Med midlar frå Sparebankstiftelsen DNB har frivilligsentralen i 2020 fokus på mestring og læring. Vårens program i samarbeid med biblioteket gir også plass til både musikk, litterære arrangement, og andre gode møteplassar og opplevingar.
Kva vil du lære? 14.01.20: Vi skal ha ei rekke kurs og verkstader i 2020, og ønskjer å planlegge desse ut frå behov og ønskjer i vangsbefolkninga. Kva kunne DU tenkje deg å delta på??
Vil du gi ei julegåve ? 28.11.19: Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born som ikkje har så mykje. Vil du bidra?
Opprop frå Oppland: Reverser endringa i statstilskotet til frivilligsentralane 04.11.19: Frivilligsentralane i Oppland har skrive eit opprop for å belyse Stortinget si vedtatte endring i finansieringsmodellen til alle norges frivilligsentralar, og kva endringa vil bety for vår region.
FELLES FEIRING AV JULAFTEN 31.10.19: Det kan vere mange grunnar til at man ønskjer å feire julaften i eit større fellesskap. I år går frivilligsentralane i Valdres saman om å lage julaftenfeiring på Fagernes. Alle som ønskjer å delta er velkomne!
Haustprogrammet er klart! 21.08.19: To kurs, ein førpremiére, litteraturkveldar og aktivitetar for ungar – hausten inneheld det meste.
Vellykka øvingskøyringskurs 07.02.19: Sju ledsagarar fikk gode tips og råd for øvingskøyring på Vang frivilligsentral onsdagskvelden.
Vårprogrammet er endeleg klart! 31.01.19: Velkomen til nok ein kulturell sesong med foredrag, boklansering, aktivitetar for ungar og mykje meir.
Integreringsprosjektet på Haukåsen 16.01.19: Det brenn friskt i omnen og latteren sit laust rundt langborda på Haukåsen. Ute snør det store filler og vegen er glatt, men det har ikkje stoppa dei 25 damene som denne tysdagen sit fordjupa i kvar sine strikketøy, heklepinnar eller tøystykker.
Juleferie 17.12.18: No er det snart jul! Frivilligsentralen held stengt fom. 19. desember tom. 2. januar.
Lekseklubb 05.10.18: Frivilligsentralen startar opp med lekseklubb tysdagar kl 15.00-16.30 på biblioteket.
Fri, villig og heit – ei oppsummering 27.09.18: 18. september 2018 møttest om lag 30 engasjerte sambygdingar til dialogmøte i regi av Vang frivilligsentral.
Forteljarkurs 25.09.18: Måndag 8. oktober kjem Marit Anmarkrud til Vang for å halde kurs i forteljarkunst.
Fri, villig og heit 10.09.18: Korleis er stoda for frivilligheita i Vang, og kva skal til for å betre vekstvilkåra?
Temakveld om badstovetradisjonar i Vang før og no 03.09.18: Onsdag 12. september kl 19:30 blir det temakveld om badstovetradisjonar i Vang før og no, på Vang folkebibliotek.
Moddi, Vinjefolk og Daniel Kvammen til #vårtnabolag 29.08.18: Laurdag 8. september 2018 frå kl. 13 til 17 brakar det igjen laus på Vang Mottakssenter. På scena står mellom anna Moddi, Vinjefolk og Daniel Kvammen når #vårtnabolag arrangerast for 3. gong i Vang.
Haustprogrammet er klart! 27.08.18: Badstovekveld, forteljarkurs, jordbruksdebatt og sykkelforedrag med Makken - det er nokre av godbitane du kan få med deg i haust på folkebiblioteket og frivilligsentralen i Vang.