Klesbyttedagen 2024

Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!

Biblioteket og Frivilligsentralen har igjen fått med superfrivillig Kine Kvannefoss til å arrangere klesbyttedag. Dette var ein stor suksess i fjor, og vi reknar med det blir like moro i år! Husflidslaget stiller med fixestasjon, og NålØye er også med på laget.

Frå etter påske t.o.m. 26. april tek vi imot pene og reine klesplagg - maks 7 plagg pr. person. I bytte får du kupongar som du kan bruke på klesbyttedagen til å handle med. Du kan levere klede på biblioteket eller til Kine på Føsse frisørstudio. Lever gjerne i god tid slik at vi får sortert skikkeleg.

Om du vil donere alle eller nokon av bongane dine, så samlar vi dei i ein bolle, og deler ut til dei som ikkje har noko å bytte bort. Så velkomen også til deg som ikkje har levert klede, det er garantert bongar til overs som du kan få til å handle med!

I fjor var det veldig mykje flotte dameklede, men litt lite til herre og barn. Vi oppmodar difor spesielt karar og foreldre til å ta ein gjennomgang i klesskåpa sine og sjå om dei har noko fint å bytte bort.

Klesbyttedagen er eit konsept frå Naturvernforbundet. Visste du at klesindustrien står for meir av verda sine klimagassutslepp enn fly- og skipsfart til saman? Når vi byttar med kvarandre og bruker kleda lengre, reduserer vi utsleppa. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!

2024 © Vang frivilligsentral