Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld

Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.

Kvelden byr på både felles program og gruppearbeid, der deltakarane kan jobbe med konkrete problemstillingar knytt til sine verv. Vi håper difor laga stiller med både leiar, kasserer og sekretær, og/eller andre engasjerte styremedlem.

Kurset har blitt til etter innspel frå vår styreleiar Kari Hagaseth som også sit som styreleiar i husflidslaget. Samstundes tok også nyvalt leiar i funkislaget, Derk Stegwee kontakt, og saman med Marte på frivilligsentralen har dei utforma eit program vi håper blir lærerikt og nyttig for både små og store lag  i Vang:

  • 18.00 –  18.45  Få sving på styrearbeidet
  • 18.45 – 19.00   Rekruttering
  • 19.00 – 19.15   Marknadsføring
  • 19.15 – 19.30   Pause
  • 19.30 – 20.30   Vi deler oss i arbeidsgrupper: Rekneskap, Marknadsføring, Formalitetstrøbbel og Dokumenthandtering
  • 20.30 - 21.00     Felles oppsummering

Det er mogeleg å bli med på delar av kvelden om det er noko som fenger meir enn anna. Vi legg opp til at laga deler erfaringar med kvarandre, så vi håper både ferske og erfarne styremedlem tek turen!

For å få til eit best mogeleg kurs vil vi kartlegge litt i forkant, og ber difor laga svare på 6 kjappe spørsmål:

Send


2024 © Vang frivilligsentral