Velkomen til oss
Formål: Frivilligsentralen skal stimulere til frivillig innsats, skape opne møteplassar for befolkninga, og vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor.
Visjon: Saman skapar vi eit godt og inkluderande lokalsamfunn.
Vi har 4 delmål:
1: Frivilligheit - Førebygge einsemd og stimulere til frivillig innsats.
2: Møteplassar - Bygge fellesskap og skape møteplassar på tvers av alder, kultur, bakgrunn og interesser.
3: Bindeledd - Vere bindeledd mellom ulike sektorar, og ein støttespelar for frivillige lag.
4: Inkludering - Inspirere lokalsamfunnet i arbeidet med berekraft, solidaritet og inkludering.
Aktuelt
Aktivitetar, tilbod og prosjekt
Her kan du lese meir om kva vi har av aktivitetar og prosjekt på sentralen, og kva du kan bidra med eller delta på:
Har du eit barn eller ein ungdom som ønskjer å delta på ein fritidsaktivitet, men det er vanskeleg å få til? Eller ønskjer du å engsajere deg som frivillig?
Les merFrivilligsentralen arrangerer ei rekke kulturelle arrangement i samarbeid med biblioteket og andre, samt aktivitetsdagar, turar mm.
Les merI samarbeid med Grindaheim Røde Kors Omsorg har me ein god gjeng besøksvener i heile Vang.
Les merI BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!
Les merVåre frivillige digi-vertar Derk, Boye, Håkon og Svein Ove hjelper deg med dine digitale utfordringar. Denne hausten kan du møte dei på følgjande plassar:
Les merTreng du hjelp til småting i heimen?
Les merSaman skal vi gjere frivilligheita i Vang enno meir synleg og tilgjengeleg!
Les merFrivilligsentralen hjelper frivillige lag med marknadsføring og rådgiving.
Les merI samarbeid med Vangsheimen rekrutterer vi frivillige som køyrer ut middag til heimebuande eldre og uføre.
Les merFrivillige serverer kvar sundag middag på Storplogen omsorgsbolig.
Les merGjennom 'Leva heile livet' og 'Levande lokalsamfunn' har vi utvikla Møteplassen - for felles middag og aktivitetar.
Les merVi har to språkkaféar: Tysdagar 11-13 på Vang folkebibliotek med Aud Kvale og onsdagar i oddetalsveker kl 13 - 15 på Vang folkebibliotek med May Tove Mellum.
Les merVil du bidra?
Ønskjer du å bidra som frivillig? Registrer deg her eller ta kontakt med Marte eller Inger :)
Kulturprogram
Vi arrangerer mange kulturelle hendingar saman med biblioteket, her finn du programma våre.
Frivillige lag i Vang
Oversikt over frivillige lag i Vang finn du på foreningsportalen. Portalen er drifta av frivilligsentralen i samarbeid med Innovangsjon, og er kobla til kva skjer-kalenderen. Saman har vi også skrive ei rekke presentasjonar av dei ulike laga, som er publisert i magasinet 'Frivilligheit og fritidsaktivitetar i Vang'.
Frivilligsentralen har også laga ei sjekkliste som eit godt utgangspunkt til lag som arrangerer ulike arrangement. Oppskrifta på å lage facebooklister er eit godt verktøy for å nå ut til fleire når de arrangerer noko.
Lenker
Nyttige lenker til våre samarbeidspartarar og andre viktige aktørar på feltet: