-
Aktive saman
Har du eit barn eller ein ungdom som ønskjer å delta på ein fritidsaktivitet, men det er vanskeleg å få til? Eller ønskjer du å engsajere deg som frivillig?
Besøksven
I samarbeid med Grindaheim Røde Kors Omsorg har me ein god gjeng besøksvener i heile Vang.Aldersgruppe: For alle
Om du kunne ynskje deg ein besøksven, ta kontakt så finn me ein frå gjengen vår til akkurat deg!
Kven kan få ein besøksven?
Besøksven er eit tilbod til folk i alle aldrar som ynskjer meir kontakt med andre. Føler du at vekene blir lange, og du gjerne skulle tatt ein kaffikopp ilag med nokon? Saknar du at nokon stikk innom deg med jamne mellomrom?
Det er mange som føler det same, og heldigvis er det også mange som ønskjer å bidra til at du ikkje skal føle deg åleine!
Om du kunne ynskje deg ein besøksven, eller vil høyre meir om korleis det fungerer, så ta kontakt med Frivilligsentralen på 46 81 64 73 eller Inga Bøe i Røde kors på 911 94 917.
Del på:
-
Arrangement
Frivilligsentralen arrangerer ei rekke kulturelle arrangement i samarbeid med biblioteket og andre, samt aktivitetsdagar, turar mm.
-
BUA Vang
I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!
-
Digi-hjelp hausten 2024
Våre frivillige digi-vertar Derk, Boye, Håkon og Svein Ove hjelper deg med dine digitale utfordringar. Denne hausten kan du møte dei på følgjande plassar:
-
Hjelpetenester
Treng du hjelp til småting i heimen?