Personvernerklæring for Vang frivilligsentral

Denne personvernerklæringa forklarer korleis vi handsamer personopplysningar som vi samlar inn for å utøve våre tenester for frivillige, brukarar og deltakarar ved sentralen.

Vang frivilligsentral er eigd av Vang kommune. Dagleg leiar i sentralen er ansvarlig for å handsame personopplysningar. Henvendingar for innsyn, retting eller sletting av personopplysningar kan du sende til frivilligsentralen@vang.kommune.no


Frivillige

Når du registrerer deg som frivillig hos Vang frivilligsentral så registrerer vi:

  • Namn
  • Adresse
  • Alder
  • Telefonnummer
  • E-postadresse
  • Sertifikat
  • Nasjonalitet og språkkunnskapar
  • Evt andre relevante ferdigheiter


Dette gjer vi for å kunne få kontakt med deg, og for å kunne plassere deg på riktig type oppdrag. Vi registrerer også kva for oppdrag du har gjennomført og estimert timebruk, og om du har mottatt attest. 


Opplysningane ligg lagra i IKT Valdres sitt filområde. Berre dagleg leiar har tilgang til den aktuelle mappa. Opplysningane ligg også lagra i perm på dagleg leiar sitt kontor, kontoret er låst for uvedkomande.


Opplysningane blir lagra så lenge du er registrert som frivillig. Om du flytter eller gir beskjed om at du ikkje lengre ønskjer å vere frivillig, blir opplysningane anonymisert. Vi beheld dei på denne måten for å kunne føre statistikk. 


Oppdrag frå brukarar

Når du melder inn eit oppdrag så registrerer vi:

  • Namn
  • Adresse
  • Telefonnummer
  • Kva oppdraget gjeld


Dette blir formidla vidare til den frivillige som tar på seg oppdraget. Dei frivillige har teieplikt. Opplysningane ligg lagra i IKT Valdres sitt filområde. Berre dagleg leiar har tilgang til den aktuelle mappa. 


Opplysningane blir lagra i 5 år etter at oppdraget er registrert, deretter blir dei anonymisert. Dette er for at vi skal kunne føre statistikk. 


E-post

Du kan sende e-post til oss, men husk at alle verksemder er sårbare for datatjuveri. Du bør difor ikkje sende sensitiv personinformasjon per e-post. 


Vi slettar e-postar etter kvart som saka/prosjektet dei omhandlar er avslutta. 

IKT Valdres administrerer e-postserveren.


Nyheitsbrev

Om du er interessert i informasjon om våre aktivitetar kan du melde deg på e-postlista vår her: https://frivilligsentral.us19.list-manage.com/subscribe?u=ee1c53e398d6178bf14ce1a39&id=92a1f7447f

Då blir namn og e-postadresse registrert i ein egen database hos Mailchimp.com. Desse opplysningane blir ikkje delt med andre, og dei blir sletta når du melder deg av nyheitsbrevet.


Bilete

Vi tar ofte bilete av våre frivillige, nokon gonger saman med oppdragsgivar, og publiserer desse på sosiale media og i lokal presse, for å formidle arbeidet vi driv med. Vi spør alltid om godkjenning. 


Når vi har offentlege arrangement tar vi bilete som gjerne blir publisert på same måten. Her ber vi også om godkjenning frå alle som er gjenkjennbare på bileta. 


Bileta er lagra i IKT Valdres sitt filområde, i ei mappe der dagleg leiar samt dei tilsette på biblioteket har tilgang. 


Deltakarar

Om vi har arrangement som krev påmelding, så blir dei innsamla opplysningane sletta etter at arrangementet er gjennomført.


Telefonnummer

Vi har ei rekke telefonnummer lagra på vår mobiltelefon, til dei fleste som har vore i telefonisk kontakt med sentralen. Berre dagleg leiar har tilgang til denne mobilen, og den er passordbeskytta for uvedkomande. 

2024 © Vang frivilligsentral