Aktive saman

Har du eit barn eller ein ungdom som ønskjer å delta på ein fritidsaktivitet, men det er vanskeleg å få til? Eller ønskjer du å engsajere deg som frivillig?

Aldersgruppe: For alle

‹‹Når målet er å opprettholde sosialt nettverk med støtte fra kommunen og frivillige››

Metoden Aktive Sammen har to formål. Det eine er å gi frivillige organisasjonar og kommuner, eit verktøy for å organisere samarbeidet kring sosial tilhørigheit for sine innbyggjarar. Det andre er å vise korleis frivillige kan jobbe for å gi støtte til å etablere og oppretthalde tilhørigheit i sosiale nettverk. 

Vang frivilligsentral var ein av 7 pilotar frå heile Norge i eit prøveprosjekt i regi av Norges frivilligsentraler. Inger Kongslien Tveit var tilsett som prosjektleiar, og Vang kommunestyret løyvde pengar til å fortsette prosjektet i 2 år. 

Prosjektet tar utgangspunkt i Fritidserklæringa som regjeringa Solberg la fram i 2016. Kort fortalt går den ut på at alle barn har rett til å være med på minst ein organisert aktivitet i veka. Men av ulike grunnar får ikkje alle barn denne mogelegheiten. Det kan vere at foreldra jobbar turnus, det er midt i fjøsstell, foreldra pendlar, ikkje har førarkort, språkvanskar, søskenpass, økonomi osv. Og her kjem seniorane inn i prosjektet. Dei kan bidra til at barn kan få ein organisert aktivitet i veka, der det før har vore vanskeleg få til. Dei kan stille opp med barnepass, køyring, rettleiing, språkforståing osv.  

Er du, eller har du, eit barn eller ein ungdom som ønskjer å delta på ein fritidsaktivitet, men det er vanskeleg å få til? Eller ønskjer du å engsajere deg som frivillig? Ta kontakt på 46 81 64 73// frivilligsentralen@vang.kommune.no 

Du kan lese meir om det nasjonale prosjektet her.  

Her kan du lese eit intervju med Inger og Marte gjort av Ida/Innovangsjon.

2024 © Vang frivilligsentral