Hjelpetenester

Treng du hjelp til småting i heimen?

Aldersgruppe: For alle

Det vere seg å måke snø, bere inn ved, skifte ei lyspere, o.l. Oppdraga skal ikkje vare meir enn ein time/halvannan times tid. Ta kontakt så finn vi ein frivillig som kan hjelpe deg.

Vi treng fleire frivillige for å kunne oppretthalde dette tilbodet. Registreringsskjema finn du under 'bli frivillig', eller kom innom på Vangstunet så hjelper vi deg å fylle ut. 

For større oppdrag, eller om vi ikkje finn frivillige, så kan du kontakte ein av bedriftene i Vang som driv med vaktmeistertenester og hytteservice.

2024 © Vang frivilligsentral