Digi-kafé

Bli tryggare på data og smarttelefon, og oppdag mogelegheitene du får med meir digital kompetanse!

Aldersgruppe: For alle

Vi har to ulike tilbod om digi-kafé på Vang folkebibliotek, ope for alle:

  • Kvar måndag utanom skuleferiar kl 16 – 18, med ungdom som digi-vertar. Her blir det drop in - spør om hjelp til kva du måtte ønskje! Ungdommane du vil møte desse ettermiddagane er Olav van Leeuwen, Oskar Solemsli og Lene Berge.
  • Første onsdag i månaden kl 12 – 14, med frivillige digi-vertar. Boye Thorpe, Håkon Berge, Derk Stegwee, Svein Ove Blystad er blant dei som sit klare til å hjelpe deg desse onsdagane. Her blir det tema, (men dei frivillige kan nok hjelpe deg med andre digitale utfordringar også) :
    • 10.1: Endre skattekort, reiseregning pasientreiser, bank-ID/kodebrikke 
    • 7.2: Kjøp riktig digitalt utstyr 
    • 6.3: Nettbank
    • 3.4: Skattemelding 
    • 8.5: Digitalt demokrati på frigjeringsdagen!
    • 5.6: Etter ønske

Ta med mobil / nettbrett / PC, og evt kodebrikke / passord. Vi byr på kaffi, te og kjeks. Digi-vertane har sjølvsagt teieplikt.Digi-kafé er eit samarbeid mellom Vang kommune/Leve heile livet, Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek.

2024 © Vang frivilligsentral