-
Arrangement
Frivilligsentralen arrangerer ei rekke kulturelle arrangement i samarbeid med biblioteket og andre, samt aktivitetsdagar, turar mm.
Aktive saman
Har du eit barn eller ein ungdom som ønskjer å delta på ein fritidsaktivitet, men det er vanskeleg å få til? Eller ønskjer du å engsajere deg som frivillig?Aldersgruppe: For alle
‹‹Når målet er å opprettholde sosialt nettverk med støtte fra kommunen og frivillige››
Metoden Aktive Sammen har to formål. Det eine er å gi frivillige organisasjonar og kommuner, eit verktøy for å organisere samarbeidet kring sosial tilhørigheit for sine innbyggjarar. Det andre er å vise korleis frivillige kan jobbe for å gi støtte til å etablere og oppretthalde tilhørigheit i sosiale nettverk.
Vang frivilligsentral var ein av 7 pilotar frå heile Norge i eit prøveprosjekt i regi av Norges frivilligsentraler. Inger Kongslien Tveit var tilsett som prosjektleiar, og Vang kommunestyret løyvde pengar til å fortsette prosjektet i 2 år.
Prosjektet tar utgangspunkt i Fritidserklæringa som regjeringa Solberg la fram i 2016. Kort fortalt går den ut på at alle barn har rett til å være med på minst ein organisert aktivitet i veka. Men av ulike grunnar får ikkje alle barn denne mogelegheiten. Det kan vere at foreldra jobbar turnus, det er midt i fjøsstell, foreldra pendlar, ikkje har førarkort, språkvanskar, søskenpass, økonomi osv. Og her kjem seniorane inn i prosjektet. Dei kan bidra til at barn kan få ein organisert aktivitet i veka, der det før har vore vanskeleg få til. Dei kan stille opp med barnepass, køyring, rettleiing, språkforståing osv.
Er du, eller har du, eit barn eller ein ungdom som ønskjer å delta på ein fritidsaktivitet, men det er vanskeleg å få til? Eller ønskjer du å engsajere deg som frivillig? Ta kontakt på 46 81 64 73// frivilligsentralen@vang.kommune.no
Du kan lese meir om det nasjonale prosjektet her.
Her kan du lese eit intervju med Inger og Marte gjort av Ida/Innovangsjon.
Del på:
-
Besøksven
I samarbeid med Grindaheim Røde Kors Omsorg har me ein god gjeng besøksvener i heile Vang.
-
BUA Vang
I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!
-
Digi-hjelp hausten 2024
Våre frivillige digi-vertar Derk, Boye, Håkon og Svein Ove hjelper deg med dine digitale utfordringar. Denne hausten kan du møte dei på følgjande plassar:
-
Hjelpetenester
Treng du hjelp til småting i heimen?