-
Aktive saman
Har du eit barn eller ein ungdom som ønskjer å delta på ein fritidsaktivitet, men det er vanskeleg å få til? Eller ønskjer du å engsajere deg som frivillig?
Øvingskøyring
Vil du øvingskøyre med ein av våre dyktige frivillige? Eller vil du sjølv bli frivillig?Aldersgruppe: 16 til 100 år
Dette er eit tilbod til busette flyktningar og andre som bur i Vang, som treng mengdetrening i tillegg til ordinære køyretimar. Vi har ein eigen bil til formålet. I samarbeid med Vang læringssenter har vi utvikla retningsliner for øvingskøyringa. Dei som vil øvingskøyre må vere over 16 år, dei under 25 må ta trafikalt grunnkur. Dei må beherske norsk minimum A2 nivå, og fylle ut ein plan for motivasjon, finansiering og framdrift.
Den som skal vere frivillig må vere over 25 år og ha hatt sertifikat dei siste 5 åra.
Del på:
-
Arrangement
Frivilligsentralen arrangerer ei rekke kulturelle arrangement i samarbeid med biblioteket og andre, samt aktivitetsdagar, turar mm.
-
Besøksven
I samarbeid med Grindaheim Røde Kors Omsorg har me ein god gjeng besøksvener i heile Vang.
-
BUA Vang
I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!
-
Digi-hjelp hausten 2024
Våre frivillige digi-vertar Derk, Boye, Håkon og Svein Ove hjelper deg med dine digitale utfordringar. Denne hausten kan du møte dei på følgjande plassar: