-
Aktive saman
Har du eit barn eller ein ungdom som ønskjer å delta på ein fritidsaktivitet, men det er vanskeleg å få til? Eller ønskjer du å engsajere deg som frivillig?
Digi-hjelp hausthalvåret 2025
Våre frivillige digi-vertar Derk, Boye og Håkon hjelper deg med dine digitale utfordringar. Dette hausthalvåret kan du møte dei på følgjande plassar:Aldersgruppe: For alle
- Onsdag 1. oktober kl 12 - 13 på onsdagskafe´n på Drengestøga
- Tysdag 14. oktober kl 12 på strikkekafe´n Haukåsen.
- Møte med politiet om nettsvindel er under planlegging. Dato kjem.
Ope for alle! Bli tryggare på data og smarttelefon, og oppdag moglegheitene du får med meir digital kompetanse.
Ta med mobil / nettbrett / PC, og evt kodebrikke / passord. Digi-vertane har sjølvsagt teieplikt.
Du kan også få hjelp på biblioteket/frivilligsentralen i opningstid. Ved større utfordringar kontaktar vi ein av digi-vertane for oppfølging.
Del på:
-
Arrangement
Frivilligsentralen arrangerer ei rekke kulturelle arrangement i samarbeid med biblioteket og andre, samt aktivitetsdagar, turar mm.
-
Besøksven
I samarbeid med Grindaheim Røde Kors Omsorg har me ein god gjeng besøksvener i heile Vang.
-
BUA Vang
I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!
-
Hjelpetenester
Treng du hjelp til småting i heimen?