Generasjonstreff med babysang 07.11.24: Det er klart for eit nytt generasjonstreff med babysang på Fjordstøga på Vangsheimen, torsdag 14. november kl 11-13.
Digi-hjelp på Onsdagskaféen 07.11.24: Våre frivillige digi-vertar hjelper deg med dine digitale utfordringar! Neste treff er onsdag 20. november kl 11 - 13 på Drengestøga.
Programmet for frivilligmarknaden er klart 07.11.24: På laurdag 9. november brakar det laus i Vangshallen når frivillige lag skal vise fram alle dei flotte aktivitetane du kan delta på i Vang!
Haustprogrammet for november og desember er lansert 01.11.24: Vi har mykje spanande på plakaten dei siste to månadene i 2024!
Politikarpraten #6 31.10.24: Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene! Neste Politikarpraten er måndag 11. november kl 16.30-17.30.
Resultat frå årets TV-aksjon 24.10.24: TUSEN TAKK til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!! Det har vore fantastisk moro å sjå all bygginga og all anna aktivitet som så mange har deltatt i!!
Møteplassen 16.10.24: Velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar på Mjøsvang Kafé, torsdag 31. oktober kl 15.
Nominer årets positive vangsgjelding! 10.10.24: Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut prisen til årets positive vangsgjelding på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 4. desember. No kan du nominere din kandidat!
Frivilligmarknad 2024 09.10.24: Vi gjentek suksessen frå 2022 og inviterer til storslått Frivilligmarknad i Vangshallen, laurdag 9. november kl 12-15!
Besøksvenkurs 02.10.24: Grindaheim Røde Kors besøksteneste og Vang frivilligsentral inviterar til Kurs for besøksvener, torsdag 24. oktober kl 16 - 19 på Vang folkebibliotek.
TV-aksjonen 2024 01.10.24: Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen. Dei skal bygge familiehus ved dei store sjukehusa slik at barn med alvorleg sjukdom kan få vere saman med familien sin. Slik kan du delta i aksjonen i Vang:
Samtale og minikonsert med Fay Wildhagen 27.09.24: Onsdag 9. oktober kl. 19:00 får vi storslått besøk når sjølvaste Fay Wildhagen kjem til Vang folkebibliotek for å spele nokre låtar og prate om livet. Arrangementet er eit samarbeid mellom Vinjerock, Vang Frivilligsentral og Vang Folkebibliotek.
Nærtur: Lyrja 05.09.24: Onsdag 18. september kl 17:00 går turen til Lyrja, ved Syndinvegen mot Langehage.
Program for september - oktober er lansert 04.09.24: Vi har mykje spanande på plakaten dei neste månadene. Velkomen til kulturelle, sosiale, politiske, aktive, underhaldande og interessante #møtermellommenneske :)
Politikarpraten #4 04.09.24: Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene! Neste Politikarpraten er måndag 16. september kl 16.30-17.30.
Digi-hjelp hausten 2024 04.09.24: Våre frivillige digi-vertar Derk, Boye, Håkon og Svein Ove hjelper deg med dine digitale utfordringar.
Haustutstilling i Vang med glaskunstnaren Ida Siebke. 04.09.24: Fredag 6. september kl 18:00 inviterer kunstutvalet til opning av årets haustutstilling med glaskunstnaren Ida Siebke
Nærtur: Hamaren 07.08.24: Ta på deg regnjakka og bli med, det blir nok litt nedbør men vi tar turen likevel!
Referat frå kurset med frivillige lag 21.06.24: 18. april 2024 var frivillige lag i Vang samla på biblioteket for eit kurs i styrearbeid. Dei reflekterte over ulike spørsmål, og utveksla erfaringar om ei rekke relevante emner.
Politikarpraten #3 29.05.24: Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia i forkant av kommunestyremøta! Politikarpraten #3 blir på Vang folkebibliotek, måndag 10. juni kl 16.30-17.30.
Møteplassen 22.05.24: Velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar - torsdag 6. juni kl 15:00 på Mjøsvang kafé!
Vesle-vinje 2024 21.05.24: Velkomne til den historiske premiera på Vesle-Vinje! Ein vaskekte barnefestival skipa av Vinjerock, Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral <3 Vesle-Vinje finn sted kring Vangstunet i Vang sentrum, 25. mai 2024 kl 11:30-16:00
Nærtur: Historisk vandring på Lerhol 10.05.24: Frivilligsentralen og folkehelsekoordinator, saman med fleire andre, arrangerer nærturar rundt omkring i Vang. Oppdag nye stigar og bli kjent med nye naboar!
Generasjonstreff med babysang 07.05.24: Torsdag 16. mai kl. 11-13 er det nytt generasjonstreff med babysang på Fjordstøga, Vangsheimen.
Politikarpraten #2 30.04.24: Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia i forkant av kommunestyremøta!
Ferskingkurs i friluftsliv 12.04.24: Ønskjer du å vere meir ute i naturen? Treng du ei oppfrisking i friluftsliv, eller du vil lære deg korleis bruke kart og kompass, primus, eller effektiv båltenning? DNT Valdres, Vang frivilligsentral og Vang turlag inviterer til ferskingkurs i friluftsliv, 4 måndagskveldar i april og mai.
Klesbyttedagen 2024 25.03.24: Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!
MØTEPLASSEN 22.03.24: Torsdag 11. april kl. 14 ønskjer vi velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar! Denne gongen møtast vi på Mjøsvang Kafé.
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld 22.03.24: Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.
Nærtur på truger: Stele - Hagfellknuppen 11.03.24: Frivilligsentralen og folkehelsekoordinator, saman med fleire andre, arrangerer nærturar rundt omkring i Vang. Oppdag nye stigar og bli kjent med nye naboar!
Generasjonstreff med babysang 11.03.24: Torsdag 21. mars kl 11 er det tid for eit nytt generasjonstreff med babysang, denne gongen på biblioteket.
Politikarpraten 07.03.24: Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia i forkant av kommunestyremøta! Første Politikarprat blir på Vang folkebibliotek, måndag 18. mars kl 16.30-17.30.
Årsmøte 2024 01.03.24: Årsmøte 2024 blir halde i Hovudutval for levekår tysdag 19. mars kl 09:00 på Vangsheimen. Årsmøtet er ope for brukarar av sentralen sine tenester og andre interesserte.
Ahmad tok lappen på rekordtid 23.02.24: Etter 3-4 månader med intensiv øvingskøyring bestod Ahmad Mohamed Ali Obo (41) oppkøyringsprøva på første forsøk!
Frivilligkoordinatoren er tilsett 30.01.24: Vi er veldig glade for å ha tilsett Inger Kongslien Tveit i 50% fast stilling som frivilligkoordinator ved Frivilligsentralen!
Leva heile livet-treff 29.01.24: Velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar! Denne gongen møtast vi på Filefjellstuene, torsdag 8. februar kl 14.
Program fram til vinterferien 29.01.24: Plutseleg er det berre ein månad til vinterferien 😳 Her er i alle fall alt du kan delta på hos oss og Vang folkebibliotek den neste månaden!
Generasjonstreff med babysang 19.01.24: Våren 2024 blir det tre generasjonstreff med babysang, leia av Anne Lajord Belsheim.
Musikk og lyrikk 04.01.24: Vi markerer Den klassiske gitarens dag med ein lyrisk kveld på Vang folkebibliotek, sundag 4. februar kl 19:00.
Digikafé 03.01.24: Velkomen til ein ny sesong med digi-kafé på Vang folkebibliotek! Her kan du bli tryggare på data og smarttelefon, og oppdage moglegheitene du får med meir digital kompetanse.
Frivilligmagasinet er ferdig! 21.12.23: Rykande ferskt frå trykkeriet er no Frivilligmagasinet på veg ut i postkassa til alle i Vang :)
Opningstider i jula 21.12.23: På frivilligsentralen tar vi no juleferie fram til over nyttår, men biblioteket held ope 10-14 ons/tors/fre i romjula, og BUA har normal opningstid heile høgtida gjennom
BOKKVELD med utdeling av positivprisen 29.11.23: Onsdag 6. desember kl. 19 inviterer vi til den tradisjonelle bokkvelden på Vang folkbibliotek!
Julegåveinnsamling 29.11.23: Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Generasjonstreff med Juleverkstad 29.11.23: Vang folkebibliotek, Vang frivilligsentral og helseavdelinga i Vang kommune inviterer til generasjonstreff med juleverkstad tysdag 5. desember kl 13 på Vang folkebibliotek.
Leva heile livet: Felles middag og aktivitetar 16.10.23: Torsdag 26. oktober kl. 14.00 gjentek vi suksessen med felles middag og aktivitetar på Tyinkrysset fjellstue!
TV-aksjonen 2023 05.10.23: Årets aksjon går til Redd barna sitt arbeid med å hjelpe barn som er ramma av krig og konflikt. Aksjonen går av stabelen sundag 22. oktober.
Generasjonstreff i høve Verdensdagen for psykisk helse 03.10.23: Tysdag 10. oktober kl 13 ønskjer vi velkomen til generasjonstreff med kaffi, saft og kake, spel og leiker, og triveleg samvêr på Vang folkebibliotek
BOREAL MIS-FIGUR 22.09.23: Kunstutvalet ynskjer velkomen til haustutstilling med Gerd Wevling Matre, Fredag 29. september kl. 18.00-19.00 på Vang folkebibliotek
Digi-kafé 20.09.23: Bli tryggare på data og smarttelefon, og oppdag mogelegheitene du får med meir digital kompetanse!
Leva heile livet: felles middag og aktivitetar 19.09.23: Prosjektgruppa for Leve heile livet i Vang inviterer i samarbeid med Vang frivilligsentral og Tyinkrysset fjellstue til felles middag og aktivitetar Torsdag 28.sept. kl 14 på Tyinkrysset fjellstue. Velkomen til ein sosial og triveleg møteplass!
Program fram mot haustferien er klart 25.08.23: Saman med biblioteket og fleire andre inviterer vi til ei rekke gode møteplassar dei neste vekene :)
Nærtur: Nørsvinsfjorden 25.08.23: Frivilligsentralen og folkehelsekoordinator, saman med fleire andre, arrangerer nærturar rundt omkring i Vang. Oppdag nye stigar og bli kjent med nye naboar! Torsdag 7. september kl 17:00 går turen til Nørsvinsfjorden.
Lokalvalsdebatt 03.07.23: I september skal vi stemme inn kven som skal styre Vang den neste fireårsperioden. Vang folkebibliotek, Vang frivilligsentral og Avisa Valdres inviterer til Lokalvalsdebatt på Vang folkebibliotek, onsdag 30. august 19:00 – 21:00
Sommartider hej hej 30.06.23: Frivilligsentralen er stengt fram til 6. august. Men BUA og biblioteket er ope heile sommaren!
Evaluering av frivilligsentralen og BUA 29.06.23: I høve frivilligsentralen sitt 10årsjubileum, samt at det ved oppretting av BUA i 2021 var bestemt at ordninga skulle evaluerast etter 2 år, har frivilligsentralen gjennomført ei samla evalueringa av drift, satsingsområde og potensiale for framtida. Her kan du lese rapporten.
Sommarfest 02.06.23: Laurdag 10. juni kl 12 inviterer Frivilligsentralen, Vinjerock, mottaket og biblioteket til sommarfest i Vang!
Spesielle åpningstider i BUA i mai 11.05.23: Uke 20: ope tysdag 16. mai kl 15-17, stengt torsdag 18. mai. Uke 21: ope onsdag 24. mai kl 15-17, stengt både tysdag og torsdag.
Konsert med Malin Jonsson 14.04.23: Onsdag 26. april kl. 19.00 kjem artist og låtskrivar Malin Jonsson til Vang folkebibliotek. Saman med den eminente gitaristen Bjørn Løvås vil ho framføre både eigne songar og eit utval frå det svenske 80-talet.
Den store klesbyttedagen 12.04.23: Laurdag 22. april kl 10-14 inviterer vi til den store klesbyttedagen! Har du nokon plagg du vil bytte bort??
10årsjubileet - for ein fest! 30.03.23: 10årsjubileet er vel overstått, og 60 frammøtte bidrog til å gjere dette til ein veldig triveleg kveld <3
Påsketider 30.03.23: Frivilligsentral held stengt heile påskeveka, men biblioteket inviterer til påskeverkstad og hygge - og BUA er klare for utlån
Årsmøte 2023 er gjennomført 07.03.23: 7. mars hadde frivilligsentralen sitt årsmøte 2023, i Hovedutval for levekår
Frivilligsentralen feirar 10 års-jubileum! 02.03.23: Det er 10 år sidan Vang frivilligsentral opna. Mykje har skjedd sidan den gong, og det lyt feirast; vi inviterer til jubileumsfest måndag 20. mars kl 19 på Vang folkebibliotek!
Vinterferie i Vang 22.02.23: Velkomen til kreative dagar på biblioteket og aktivitetsdag i akebakken!
Program fram mot påske 16.02.23: På biblioteket, frivilligsentralen og i BUA har vi mykje på plakaten utover seinvinteren!
BUA 2 år 15.02.23: I februar er det 2 år sidan BUA Vang opna! Dette feirar vi torsdag 23. februar kl 15-18 med utvida opningstid, pølse på bålpanna og kake i BUA. Ei real kakebu der altså ;)
Evaluering av frivilligsentralen 08.02.23: Vi fyller 10 år, og i det høve ønskjer vi å finne ut: kva posisjon har frivilligsentralen i Vang pr i dag? Og kva vi bør satse på framover for å oppnå vårt hovudmål og vår visjon?
Opningstider i jula 13.12.22: Frivilligsentralen held stengt veke 51 og 52, men biblioteket og BUA held ein del ope.
I dag lanserast foreningsportalen! 06.12.22: I over eitt år har vi arbeidd med å lage ein heilt eigen foreningsportal for Vang, og i dag er endeleg dagen her - no er den lansert!
Vil du gi ei julegåve? 29.11.22: Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Hautsutstilling og bøte-treff, 29.10.22 18.10.22: Eline Medbøe kjem til Vang med utstillinga Botsøvelser. Opninga finn stad laurdag 29. oktober kl. 13.00 på Vang folkebibliotek, og kunstnaren vil være tilstades og fortelle om verka sine. Etter opninga inviterer vi til bøte-treff!
Temakveld om TV-aksjon, 19.10.22 11.10.22: Akkurat no ventar millioner av menneske på å bli behandla av ein lege. For mange står det om livet, men tilgang til helsehjelp er ingen sjølvfølge.
TV-aksjonen 05.10.22: Årets TV-aksjon går til Leger uten grenser sitt viktige arbeid med å gi livreddande helsehjelp til dei som treng det mest.
Vi søker AlleMed-koordinator! 01.10.22: Har du eit hjarte for inkludering av barn og unge? Søk på denne spanande stillinga!
Oppsettet for foreningsportalen er klart! 27.09.22: Så snart lag og foreningar har lagt inn sin informasjon, er vi klare for lansering.
Hyttebygging i framtidas Vang 02.06.22: Avisa Valdres sin debattserie 'Hytteparadokset' satte i gong diskusjonar om dei ulike sidene ved hyttebygging i Valdres. Også nasjonalt har det blitt mykje fokus på temaet, og no ønskjer vi å løfte diskusjonen i Vang. Velkomen til samtaler og debatt på Vang folkebibliotek onsdag 8. juni kl 19!
konsert med Lystrup trio, 08.05.22 28.04.22: Geirr Lystrup og hans trio kjem til Vang! Sundag 8. mai kl 18.00 inviterer frivilligsentralen til gratis konsert på Vang folkebibliotek.
Barseltreff 22.03.22: Saman med helsestasjonen inviterer vi til barseltreff på Vang folkebibliotek måndag 28.mars kl 11-13! 👶
Saltmannvegen 22.03.22: Torsdag 31. mars kl 19.30 inviterer Vang historielag i samarbeid med Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek til foredrag med Ragnar Eltun om Saltmannvegen over Filefjell.
Temakveld om demens 15.03.22: - korleis kjenne att symptoma? Måndag 28. mars kl 18.30 på Vang folkebibliotek
Frivilligmarknad 30. april 2022 kl 12-16 01.03.22: Frivillige lag inviterast til å vise seg fram i og utanfor Vangshallen! Målet er at publikum skal få info og gode inntrykk av alle aktivitetar ein kan delta på i Vang, og at laga kan verve nye medlemmar/deltakarar.
Nytt styre og ny handlingsplan 28.02.22: Årsmøte 2022 er gjennomført, ein nytt styre er på plass og handlingsplanen for 2022 er vedtatt
Vårprogrammet er klart 27.02.22: Omsider er vi i mål! Saman med Vang folkebibliotek gler vi oss til å endeleg invitere dykk inn - så godt som utan restriksjonar ❤
Nye tider i BUA 17.01.22: Frå januar 2022 er det nye rutiner i BUA. Ta kontakt på frivilligsentralen@vang.kommune.no eller 46 81 64 73 for å avtale utlån, så møter Mona eller Marte deg i BUA til avtalt tidspunkt. Vi kan også vere behjelpelege med å frakte utstyret til andre hentepunkt om du ikkje har høve til å kome til BUA.
Opning av årets Haustutstilling, 30.10.21 21.10.21: Kunstutvalet ønskjer velkomen til opninga av utstillinga "De som ikke fikk navn", fotografi av Erling Sand.
Konsert med Trio Gyllensvärd, 31.10.21 21.10.21: Velkomen til Vang folkebibliotek sundag 31.oktober kl 19:00, når Trio Gyllensvärd feirer 10 års-jubileum!
Temakveld om TV-aksjonen, 20.10.21 08.10.21: Velkomen til temakveld om årets TV-aksjon med aktivitetar / konkurransar, informasjon, salsutstilling og noko godt til kaffien.
Markering av verdensdagen for psykisk helse, 08.10.21 30.09.21: Alle har en psykisk helse, bli med å bruk denne dagen til å møte andre og slå av ein prat!
Erling Gangsøy Greftegreff, 16.09.21 11.09.21: Velkomen til biblioteket til avhøyra av krimforfattar og politimann Erling Gangsøy Greftegreff. Avhøyrsleiar er Marianne Kolstad, biblioteksjef i Sør-Aurdal.
Hausttakkefest, 25.09.21 11.09.21: Vinjerock inviterer til handel og aktivitetar for både små og store, med lokalmatmarknad og gratis underhaldning og konkurransar for små og store.
Strikkekafé med føredrag, 14.09.21 06.09.21: Vi får ein pangastart på haustens strikkekafé når Tone Skårdal Tobiasson fortel om korleis lokal produksjon og eit engasjert forhold til klede påverkar framtida vår. Ho står bank mange bøker og kjem for å inspirere oss!
Kunnskap til lunsj, 10.09.21 03.09.21: Medan Henrik Ibsen skreiv Peer Gynt på øya Ischia i Italia sommaren 1867, vart øya råka av eit jordskjelv. Kom og høyr Ibsen-entusiasten Ragnhild Lund lese og fortelje om hendinga!
Litterær lunsj, 08.09.21 31.08.21: Likar du å bli lest høgt for, eller kan du tenkje deg å finne ut om du gjer det?
Thorvald Steen, 01.09.21 28.08.21: Thorvald Steen kjem til Vang og tek opp att tråden frå bokbadet for snaue to år sidan.
Lekseklubben startar opp igjen! 20.08.21: Tysdag 24. august kl 15 er lekseklubben i gang igjen, på Vang folkebibliotek
Frivilligsentralen er open igjen 03.08.21: Ferien er over, og frivilligsentralen er igjen open som normalt.
Sommerstengt 01.07.21: Frivilligsentralen held stengt i juli, og ønskjer alle ein god sommar! Men på BUA er det normal opningstid heile sommaren - tysdag og torsdag kl 15-18 :)
Aktivitetsdag og Sykkelmekking, 20.05.21 12.05.21: Velkomen til ein ettermiddag med leik og moro, sykkelmekking og pølsegrilling!
Auka aktivitet - litt meir normalitet 14.04.21: Frå fredag går dei nasjonale retningslinene tilbake til slik dei var før påske. Det betyr at vi startar opp igjen dei faste aktivitetane våre, med max 10 deltakarar.
Bokfinkenes krimfavoritter, 16.03.21 08.03.21: Bokfinkene flyr frå Toten til Vang for å gi deg kriminelt gode lesetips til påske!
Teikneseriar - noko for vaksne?!, 11.03.21 05.03.21: Torsdag 11. mars kl. 19 på Vang Folkebibliotek skal vi omvende dei som meiner at teikneseriar er for unge og jyplingar. Kva tenkjer du; kan vaksne med æra i behald lese teikneseriar?
Årsmøte 2021 og nytt styre 03.03.21: 24. februar var årets årsmøte gjennomført, og vi har fått nytt styre.
Datakafé, 08.03.21 02.03.21: Er du blant dei som synest det er vanskeleg å bruke datamaskina til alt du før ordna ved å ringe, skrive brev eller møte opp på døra hos nokon? Du er ikkje åleine!
Vårprogrammet 2021 er lansert! 11.02.21: Denne våren er det utfordrande å vite kva vi kan gjennomføre. Difor presenterer vi våre faste aktivitetar, samt nokre av arrangementa vi ønskjer å få til - men der ikkje alle datoar er spikra.
BUA er no ope! 11.02.21: I BUA kan du låne ski, truger, akematter, bålpanne, telt, soveposar - og ein masse andre ting til friluftsliv, sport og leik. Heilt gratis!
BUA Vang opnar torsdag 02.02.21: Med slagordet «barn og ungdom i aktivitet» er det klart for opning av BUA Vang torsdag.
BUA-generalen er på plass! 15.12.20: Nytilflytta vangsgjelding Are Flaten har tatt fatt på jobben som medarbeidar i frivilligsentralen i 20% stilling. Han gler seg til januar, når han kan opne dørene i BUA Vang!
Bokkveld med utdeling av positivprisen, 02.12.20 23.11.20: Den tradisjonsrike bokkvelden før jul avsluttast i kjent stil med at ordførar Vidar Eltun deler ut prisen til Årets positive vangsgjelding.
Styreleiar for Norges frivilligsentraler 19.11.20: Marte Tangen er nett valt til ny styreleiar for Norges frivilligsentraler, som organiserer så godt som alle frivilligsentalane i landet.
Lesegleder, 24.11.20 16.11.20: Vang folkebibliotek får besøk av litteraturformidlarane Siri Lindstad og Linn T. Sunne.
Vil du gi ei julegåve? 09.11.20: Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born som ikkje har så mykje. Vil du bidra?
Bokbad, 04.11.20 26.10.20: Velkomen til litterær samtale mellom forfattar Kjersti Annesdatter Skomsvold og litteraturkjennar Kirsti Baggethun
Vi søker ein ny medarbeidar! 23.10.20: Det er ledig 20 % stilling ved Vang frivilligsentral, i ein 2-årsperiode. Stillinga er eit vikariat for dagleg leiar som skal ha deltidspermisjon.
Kva vil du med Vang?, 30.10.20 19.10.20: Innovangsjon og Vang frivilligsentral inviterer til kafedialog på Mjøsvang kafé! NB alle saman saman: fredag 30. okt kl 19.
Musikken etter korona, 14.10.20 05.10.20: Arrangementet er no fullteikna. Vi streamer samtala på facebook.com/VangFrivilligsentral frå kl 19. Konserten vert ikkje streama. Om du har tinga plass men likevel ikkje kan kome, blir vi glad om du gir beskjed :) Alle frammøtte må følgje gjeldane smittevernreglar.
Kunst- og forteljarverkstad, 05.10.20 26.09.20: Velkomen til Kunst- og forteljarverkstad i haustferien!
Meir enn mat - kva spis vi, kvifor og korleis?, 23.09.20 14.09.20: Velkomen til temakveld om matglede, kva vi spis og korleis maten blir produsert - både no og i åra framover.
Sopptur og soppkontroll, 17.09.20 07.09.20: Valdres sopp- og nyttevekstforening inviterer til tur til Fugleberg og soppkontroll på biblioteket
Avslutning av årets sommarles, 12.09.20 03.09.20: Vi inviterer store og små til «Brevene – et vandreteater» av og med Ragnhild Lund og Dominik Schmidt-Philipp.
Haustprogrammet er klart! 03.09.20: Med smittevernreglar og strenge plassrestriksjonar inviterer vi igjen til ei rekke arrangement og aktivitetar. I haust kan det bli fullt på enkelte arrangement, så vil du sikre deg plass kan det vere lurt å melde seg på på førehand. Vi fører deltakarlister på alle arrangementa, og er det plass kan du møte opp i døra.
Niste med noko attåt 13.08.20: Vi startar opp ein ny, fast møteplass, nemleg ‘Niste med noko attåt’! Kvar måndag frå 11.30 til 12.30 er folk velkomne til å spise nista si saman på biblioteket – og det er sjølvsagt lov å kome utan niste óg. :)
Vi opnar dørene! 02.06.20: Frivilligsentralen er no ope! :) Vi nyttar dei same rutinene som biblioteket har:
Vil du sy smittefrakkar? 23.04.20: Også i Vang er det no eit auka behov for smittevernutstyr, som til dømes smittefrakkar. No er stoff og mønster på plass, og vi er på jakt etter frivillige med symaskin og syferdigheiter!
Alternativ for videomøter og videochatting 20.03.20: Dette er tida for videosamtalar! Både i bedriftene, for frivillige lag og andre samanslutningar, og for familie og vener. Denne lista er langt frå utfyllande, og garantert ikkje feilfri, men forhåpentlegvis kan den hjelpe deg å navigere i jungelen av ulike tenester. Håper du finn noko som passar for deg!
Stengt - men tilgjengeleg! 16.03.20: I samråd med kommuneleiinga er no Vang folkebibliotek og Vang Frivilligsentral stengt. Dette gjeld all planlagt aktivitet, førebels fram til 26. mars.
Kommuniser betre - kurs i kommunikasjons- og presentasjonsteknikk, 11.03.20 27.02.20: Enkle kommunikasjonsgrep gjer stor forskjell anten du er møteleiar, held eit foredrag eller gjennomfører ein medarbeidarsamtale. Nina Schjeide er av dei mest erfarne foredragshaldarane i landet på dette temaet, og deler sine beste tips på eit gratis kurs i Vang, onsdag 11. mars kl 13.30 - 16.00.
Vinterferieaktivitetar, 22.02.20 17.02.20: Vang folkebibliotek og Vang Frivilligsentral ynskjer velkomen til ei spanande vinterferieveke 22. – 29. februar 2020.
Skredkveld med Leif Øyvind Solemsli, 28.02.20 14.02.20: Vil du lære god turplanlegging ut frå skredvarsel og skredfarevurdering? Fredag 28. februar kl 18 inviterer Intersport Filefjell og Vang frivilligsentral til skredkveld med Leif Øyvind Solemsli.
Morsmålsdagen: konsert med Kouame Sereba, 21.02.20 07.02.20: Fredag 21. februar kl 12.00 feirer vi den internasjonale morsmålsdagen på Vang folkebibliotek. Det blir dikt, songar og historier på mange forskjellige språk, og konsert med Kouame Sereba.
Konsert med Oddbjørn og Gyda, 09.02.20 30.01.20: Velkomen til konsert med Oddbjørn Skeie (gitar) og Gyda Grøndalen (vokal) i høve den klassiske gitarens dag.
Vårprogrammet er lansert! 29.01.20: Med midlar frå Sparebankstiftelsen DNB har frivilligsentralen i 2020 fokus på mestring og læring. Vårens program i samarbeid med biblioteket gir også plass til både musikk, litterære arrangement, og andre gode møteplassar og opplevingar.
Kunsten å ikkje kaste mat, 29.01.20 15.01.20: Onsdag 29. januar kl 19 kjem mataktivist og forfattar Thomas Horne til Vang folkebibliotek. Velkomne til eit matnyttig foredrag!
Kva vil du lære? 14.01.20: Vi skal ha ei rekke kurs og verkstader i 2020, og ønskjer å planlegge desse ut frå behov og ønskjer i vangsbefolkninga. Kva kunne DU tenkje deg å delta på??
Fleirkulturell julelunsj, 17.12.19 04.12.19: Velkomen til ein triveleg formiddag med julemat frå heile verda!
Vil du gi ei julegåve ? 28.11.19: Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born som ikkje har så mykje. Vil du bidra?
Bokkveld med utdeling av positivprisen og feiring av urfolksåret 2019, 04.12.19 23.11.19: Velkomen til bokkveld med utdeling av positivprisen og feiring av urfolksspråkåret 2019!
Arrangørkurs, 20.11.19 08.11.19: Er du ein privatperson som skal invitere til konfirmasjon, 60-årslag eller eit anna større selskap? Eller eit frivillig lag eller ein liten bedrift som skal arrangere konsert, seminar eller ein idretts-event? Hjarteleg velkomen til arrangørkurs!
Opprop frå Oppland: Reverser endringa i statstilskotet til frivilligsentralane 04.11.19: Frivilligsentralane i Oppland har skrive eit opprop for å belyse Stortinget si vedtatte endring i finansieringsmodellen til alle norges frivilligsentralar, og kva endringa vil bety for vår region.
FELLES FEIRING AV JULAFTEN 31.10.19: Det kan vere mange grunnar til at man ønskjer å feire julaften i eit større fellesskap. I år går frivilligsentralane i Valdres saman om å lage julaftenfeiring på Fagernes. Alle som ønskjer å delta er velkomne!
Bokbad: Thorvald Steen, 06.11.19 23.10.19: Onsdag 6. november inviterer Vang folkebibliotek til litterær samtale mellom forfattar Thorvald Steen og litteraturkjennar Kirsti Baggethun.
Lesegleder i bokåret 2019, 29.10.19 15.10.19: Tysdag 29. oktober kl 19 kjem litteraturformidlar Siri Linstad til Vang folkebibliotek
Lansering av Vangsalbumet, 23.10.19 07.10.19: Onsdag 23. oktober kl 19 lanserer vi VANGSALBUMET på Vang folkebibliotek.
Den gamle konen og krokodillen, 04.10.19 16.09.19: Musikkteater for ungar, med Hege Rimestad og Raymond Sereba
The wating game, 25.09.19 15.09.19: Førpremiére på Kalandra sin musikkvideo frå Tyin, med minikonsert og bakomprat
Vang fotballturnering 2019, 15.09.19 31.08.19: 15. september braker det laus når årets fotballturnering går av stabelen på Tveit stadion :D
Avslutning av Sommarles 2019, 14.09.19 30.08.19: Trylleshow med Alexander Haugaas, og premiar til vinnarane
#VårtNabolag, 07.09.19 29.08.19: Det er duka for nok ein nabolagsfest i Vang når eindagsfestivalen #VårtNabolag inntek bygda med mellom andre Aasmund Nordstoga, Miss Tati og Panta Rei! Festivalen er for ALLE og det heile er sjølvsagt gratis!
Haustprogrammet er klart! 21.08.19: To kurs, ein førpremiére, litteraturkveldar og aktivitetar for ungar – hausten inneheld det meste.
Valdebatt - Vang 2019, 28.08.19 14.08.19: Det blir garantert heitt på biblioteket når listetoppar og andre kandidatar frå Vang Arbeiderparti, Vang Senterparti, Miljøpartiet Dei Grøne Vang og Bygdelista i Vang møtest til debatt føre årets kommuneval!
Opning av årets sommarutstilling, 22.06.19 08.06.19: Kunstutstillingen "11 måter å se" av Erling Sand åpner lørdag 22. juni 2019 kl. 14.00 på Vang folkebibliotek. Utstillinga vil stå ut august og kan besøkes i bibliotekets åpningstid.
Fleirkulturell vårfest, 14.06.19 31.05.19: Fredag 14. juni kl 12 inviterer Vang frivilligsentral, Vang mottakssenter og Vang læringssenter til vårfest på Bøflaten camping.
Sagaøya Island, 28.05.19 10.05.19: Velkomen til Islandskveld på biblioteket! Oddvin Almenning fortel og viser bilete frå fototuren han hadde på Island hausten 2018, og Carl Philip Weisser formidlar innspel frå barske sagahelter og spenstige salmediktarar i ord og tonar.
Sykkelmekking, 21.05.19 07.05.19: Slitne bremser? Rustent kjede? Hol i slangen? Eller nysgjerrig på elsykkel?
Konsert med Tove Bøygard, 07.05.19 11.04.19: Tysdag 7. mai kl 19 får vi storfint besøk på Vang folkebibliotek! Tove Bøygard tek turen frå Ål i Hallingdal, og med seg har ho ei rekke låter som har fått anmeldarane til å trille seksarar på terningen i hopetal.
Tilbake til livet - foredrag med Simen Almås, 02.05.19 10.04.19: «Tilbake til livet» er eit inspirasjonsforedrag om korleis møte og takle utfordringar i livet, med fokus på psykisk helse.
Hemningslaus, 03.04.19 20.03.19: Onsdag 3. april kl 19 presenterer Torstein Lerhol sin ferske biografi ’Hemningsløs’ på Vang folkebibliotek, i samtale med Knut Aastad Bråten.
Klima i endring - kva gjer vi med det?, 20.03.19 06.03.19: Korleis kan god klimaleiing i både kommune, næringsliv og hjå private gjere regionen betre rusta til å takle utfordringane klimaendringane gir oss?
Kulturminner i Vang, 05.03.19 22.02.19: Med Jon Eggen som konferansier vert 'Temaplan for kulturminne i Vang' presentert på Vang folkebibliotek tysdag 5.mars kl 19.00.
Vellykka øvingskøyringskurs 07.02.19: Sju ledsagarar fikk gode tips og råd for øvingskøyring på Vang frivilligsentral onsdagskvelden.
Vårprogrammet er endeleg klart! 31.01.19: Velkomen til nok ein kulturell sesong med foredrag, boklansering, aktivitetar for ungar og mykje meir.
Øvingskøyringskurs, 06.02.19 25.01.19: Onsdag 6. februar kl 19:00-21:00 inviterer Vang frivilligsentral i samarbeid med Valdres trafikkskole til øvingskøyringskurs på Vang folkebibliotek
Integreringsprosjektet på Haukåsen 16.01.19: Det brenn friskt i omnen og latteren sit laust rundt langborda på Haukåsen. Ute snør det store filler og vegen er glatt, men det har ikkje stoppa dei 25 damene som denne tysdagen sit fordjupa i kvar sine strikketøy, heklepinnar eller tøystykker.
Juleferie 17.12.18: No er det snart jul! Frivilligsentralen held stengt fom. 19. desember tom. 2. januar.
Fleirkulturell julelunch, 07.12.18 28.11.18: Vi gjentar fjorårets suksesss og inviterer til fleirkulturell julelunch på biblioteket.
Bokkveld, 05.12.18 23.11.18: Onsdag 5. desember er det duka for den årlege bokkvelden på Vang folkebibliotek
Dialektkveld, 21.11.18 14.11.18: Onsdag 21. november kl 19.00 inviterer Vang mållag til dialektkveld på Vang folkebibliotek.
Med skogen og Fjellet som leikeplass, 14.11.18 30.10.18: Onsdag 14. november kl 19.00 kjem Mads André 'Makken' til Vang folkebibliotek for å vise film og bilete, og fortelje frå livet på terrengsykkelen.
Handarbeidsverkstad, 10.11.18 30.10.18: Laurdag 10. november kl. 13.00 til 15.00 blir det handarbeidsverkstad på Vang folkebibliotek.
Opning av Haustutstillinga 2018, 27.10.18 19.10.18: Kunstutvalet i Vang ynskjer velkomen til opning av Haustutstillinga 2018: «Det forandrer seg hele tiden selv om det ikke gjør det»
Lekseklubb 05.10.18: Frivilligsentralen startar opp med lekseklubb tysdagar kl 15.00-16.30 på biblioteket.
Fri, villig og heit – ei oppsummering 27.09.18: 18. september 2018 møttest om lag 30 engasjerte sambygdingar til dialogmøte i regi av Vang frivilligsentral.
Forteljarkurs 25.09.18: Måndag 8. oktober kjem Marit Anmarkrud til Vang for å halde kurs i forteljarkunst.
Fri, villig og heit 10.09.18: Korleis er stoda for frivilligheita i Vang, og kva skal til for å betre vekstvilkåra?
Temakveld om badstovetradisjonar i Vang før og no 03.09.18: Onsdag 12. september kl 19:30 blir det temakveld om badstovetradisjonar i Vang før og no, på Vang folkebibliotek.
Moddi, Vinjefolk og Daniel Kvammen til #vårtnabolag 29.08.18: Laurdag 8. september 2018 frå kl. 13 til 17 brakar det igjen laus på Vang Mottakssenter. På scena står mellom anna Moddi, Vinjefolk og Daniel Kvammen når #vårtnabolag arrangerast for 3. gong i Vang.
Haustprogrammet er klart! 27.08.18: Badstovekveld, forteljarkurs, jordbruksdebatt og sykkelforedrag med Makken - det er nokre av godbitane du kan få med deg i haust på folkebiblioteket og frivilligsentralen i Vang.