Den store klesbyttedagen

Laurdag 22. april kl 10-14 inviterer vi til den store klesbyttedagen! Har du nokon plagg du vil bytte bort??

Den store klesbyttedagen er ein nasjonal dag, og arrangerast fleire plassar i landet den 22. april. I Vang er det Ryfoss treningssenter, Vang folkebibliotek og Frivilligsentralen som har gått saman om å arrangere byttedagen, frå 10.00-14.00 laurdag 22. april. 

Fram til fredag 21. april tek både vi på biblioteket i mot klede, og Kine tek i mot på frisørsalongen i Ryfoss. Det er mogleg å levere maks sju plagg, og for kvart plagg levert får du ein kupongar å handle for på sjølve byttedagen. 

Om ein berre vil gje frå seg klede og ikkje vil ha kupongar i retur, vil kupongane bli gitt bort til dei som vil ‘handle’ men som ikkje har noko å bytte inn.

Les meir i Innovangsjon sin nyheitssak. Der kan du også sjå at det er fleir arrangement i Vang i same ånd dei neste vekene!


2024 © Vang frivilligsentral