-
Opningstider i jula
Frivilligsentralen stenger i jula, men biblioteket har noko ope - med litt ekstra kos å by på.
Programmet for frivilligmarknaden er klart
På laurdag 9. november brakar det laus i Vangshallen når frivillige lag skal vise fram alle dei flotte aktivitetane du kan delta på i Vang!Kl 12 opnar dørene, og i tre timar er både store og små i heile Vang velkomne til å teste ut aktivitetar, høyre innslag frå kor og korps, og prate med laga som står på stand. Kanskje dei har aktivitetar som passar for nettopp deg?
Ein gjeng med busette flyktningar som får norskundervisning på Vang læringssenter står for maten denne dagen. Dei er godt i gang med å førebu ein stor porsjon borsj (ukrainsk suppe) og kaker, som vil bli til sals for ein billig penge.
- Å planlegge, lage og selje mat til så mange er fin norsktrening og arbeidstrening for denne gjengen, seier Kristin Venås som er leiar for læringssenteret. Ho håpar mange vil kjøpe mat og kake på frivilligmarknaden, og slå av ein prat med dei som står i kassa.
Over 20 lag er også godt i gang med å planlegge sine aktivitetar og stands. Dei håper på godt besøk slik at alle i Vang skal kjenne til det rike aktivitetstilbodet som finst! Slik ser programmet ut:
- Dørene opnar kl 12, og kort tid etter får vi eit opningsnummer med Vangskoret, og ei velkomsttale frå arbeidsgruppa.
- Kl 13:00 bles Fjellblom musikklag i gang med korpsspel.
- Vang gla’dans inviterer alle som vil prøve med i dansen kl 13:30.
- Vangskoret inviterer også nye songarar med kl 14:00.
- Kl 14:30 er det Høre mannskor som syng, og inviterer alle som vil til å prøvesynge.
- Inne i hallen kan alle som vil prøve seg i klatreveggen frå kl 12:30.
- Kl 14.20 blir det stafett med Vang IL.
- Kulturskulen inviterer til musikkverkstad med Dominic oppe i kulturskulelokala frå kl 13 til 14, der du får moglegheit til å produsere elektronisk musikk og få et innblikk i musikkteknologi.
- Rundt omkring på stand kan du få prøve deg på bridge med Vang bridgelag, FK Vang inviterer til triksekonkurranse og skuddforsøk, Onsdagskaféen sel vaflar og Vang husflidslag legg opp til handarbeidsaktivitetar for alle kreative sjeler. Og mykje mykje meir!
Det blir også satt fram bord og stolar slik at folk kan slå seg ned og skravle med kjente og ukjente. Vi håper å sjå ‘hele Vang’ i Vangshallen på laurdag kl 12 til 15, velkomne skal de vere!
Helsing arbeidsgruppa; Inger og Marte på Frivilligsentralen, folkehelsekoordinator Caroline og Ung i Vang-koordinator Vilde.
Del på:
-
Politikarpraten #7
Har du tankar eller innspel til revidering av dei langsiktige samfunnsmåla for Vang kommune? På politikarpraten måndag 9. desember set vi av to timar, kl 16.30-18.30, for å ta imot innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel. Du kan også kome med innspel om andre saker.
-
Vil du gi ei julegåve?
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
-
Digi-hjelp på Onsdagskaféen
Våre frivillige digi-vertar hjelper deg med dine digitale utfordringar! Neste treff er onsdag 20. november kl 11 - 13 på Drengestøga.
-
Generasjonstreff med babysang
Det er klart for eit nytt generasjonstreff med babysang på Fjordstøga på Vangsheimen, torsdag 14. november kl 11-13.