-
Politikarpraten #2
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia i forkant av kommunestyremøta!
Sommarfest
Laurdag 10. juni kl 12 inviterer Frivilligsentralen, Vinjerock, mottaket og biblioteket til sommarfest i Vang!* Bebuarane på mottaket serverer deilig fingermat
* Aktivitetar for store og små:
- ansiktsmåling
- varm badstue
- test morosame leiker frå BUA
- hoppedugnad og triksekonkurranse til innsamling for Misto Dobra i Ukraina - sponsa av Elektromontasje AS og Tyin/Filefjell :)
- Bibbi Blomlie kjem og lagar leikarring for borna!
A-klassedansaren frå Øystre Slidre har lang fartstid som folkedansar og held kurs i Valdresspringar og Halling. Ho er dansar i Mamelukk Dansekompani og har vore dansar og skodespelar for Västanå Teater. For tida jobbar ho med nyproduksjonar av førestillingar for barn og unge. På sumarfesten inviterer ho borna inn i leikarring og hallingkast, bli med!
* Ved dårleg ver: sjekk vang.frivilligsentral.no eller følg med på facebook
Del på:
-
Ferskingkurs i friluftsliv
Ønskjer du å vere meir ute i naturen? Treng du ei oppfrisking i friluftsliv, eller du vil lære deg korleis bruke kart og kompass, primus, eller effektiv båltenning? DNT Valdres, Vang frivilligsentral og Vang turlag inviterer til ferskingkurs i friluftsliv, 4 måndagskveldar i april og mai.
-
Klesbyttedagen 2024
Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!
-
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld
Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.
-
Påske
💛Frivilligsentralen tar no ferie og held stengt heile påskeveka.