-
Opningstider i jula
Frivilligsentralen stenger i jula, men biblioteket har noko ope - med litt ekstra kos å by på.
Digi-hjelp på Onsdagskaféen
Våre frivillige digi-vertar hjelper deg med dine digitale utfordringar! Neste treff er onsdag 20. november kl 11 - 13 på Drengestøga.Digi-hjelp er ope for alle. Bli tryggare på data og smarttelefon, og oppdag moglegheitene du får med meir digital kompetanse. Ta med mobil / nettbrett / PC, og evt kodebrikke / passord. Digi-vertane har sjølvsagt teieplikt.
Du kan også få hjelp på biblioteket/frivilligsentralen i opningstid. Ved større utfordringar kontaktar vi ein av digi-vertane for oppfølging.
Del på:
-
Politikarpraten #7
Har du tankar eller innspel til revidering av dei langsiktige samfunnsmåla for Vang kommune? På politikarpraten måndag 9. desember set vi av to timar, kl 16.30-18.30, for å ta imot innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel. Du kan også kome med innspel om andre saker.
-
Vil du gi ei julegåve?
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
-
Generasjonstreff med babysang
Det er klart for eit nytt generasjonstreff med babysang på Fjordstøga på Vangsheimen, torsdag 14. november kl 11-13.
-
Programmet for frivilligmarknaden er klart
På laurdag 9. november brakar det laus i Vangshallen når frivillige lag skal vise fram alle dei flotte aktivitetane du kan delta på i Vang!