Hausten er spikra!

Velkomen til ein ny haust med mykje spanande på programmet!

Haustens program på Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral sparkast i gong med ein heidundrande litteraturfest, som biblioteket arrangerer i samarbeid med dei andre Valdresbiblioteka. Eit rikhaldig program, der litteraturen står i fokus, gjennom dei komande tre vekene. 

Etter litteraturfesten har vi gleda av å vere med på to samarbeidsprosjekt. Først ut er Hausttakkefesten som Vinjerock arrangerer, med lokalmatmarknad, foredrag og aktivitetar 25. september utanfor og inne i biblioteket. 8. oktober inviterer Frisklivssentralen til markering av Verdensdagen for psykisk helse.

I haustferien blir det aktivitetar av ymse slag, og veka etter vil vi også sette fokus på leiken. Då ladar vi nemleg opp til årets TV-aksjon, der tema er Barn, ikkje brud. Årets haustutstilling byr på eit gjensyn med fotograf Erling Sand, som gjesta Vang for nokre år sidan til stor begeistring. Også Trio Gyllensvärd kjem tilbake med sin vakre musikk.

Sist på hausten byr vi på vinkingblot (hjelpesmeg), eit slags foredrag med Ragnhild Lund og Jon Heimlid, før vi avsluttar med den tradisjonsrike bokkvelden med utdeling av årets positivpris.

Nytt blant dei faste aktivitetane er at Oddbjørn Skeie inviterer til samspel på gitar kvar måndag kl 15. Her kan du kome om du vil lære deg å spele, eller jamme saman med andre. Teiknekollektivet held fram med sine teiknekveldar, annankvar måndagskveld. Tysdagar blir det både lekseklubb og strikkekafé, og frå oktober satsar vi på å dra i gang både datakafé og språkkafé – om vi klarer å rekruttere ein gjeng med frivillige. Kanskje du vil bidra??

Vi har framleis plassrestriksjonar, så om du vil sikre deg plass kan det vere lurt å melde seg på. Heile programmet kan du laste ned her – og meir informasjon om det enkelte arrangement finn du på nettsidene våre etter kvart som det nærmar seg.


2024 © Vang frivilligsentral