BOREAL MIS-FIGUR

Kunstutvalet ynskjer velkomen til haustutstilling med Gerd Wevling Matre, Fredag 29. september kl. 18.00-19.00 på Vang folkebibliotek

Wevling Matre jobbar mykje med tre, både skulpturar, installasjonar og bilete. Ho har ei sterk tilknytning til natur og dyr, og det er nettopp samspelet mellom menneske, natur og dyr som står i fokus i kunsten hennar. «Det er noe med spor av levd liv som jeg er opptatt av, og alt man pådrar seg underveis. Fysisk og psykisk. I mennesker, i naturen, i virke, uansett hvor jeg går. Det er en del av vår kulturhistorie.»

Sjølv driv ho ein økologisk gard med sau. Sauene gneg på trestammar og kvist. Ein kan sjå spor av tenner, ei særeige overflate har vekse til. Dette råmaterialet blir så eit utgangspunkt for mange av verka. Wevling Matre bur i Sarpsborg, og jobbar ved atelierfellesskapet Hylla på Hydrogenfabrikken i Fredrikstad. Kunsten hennar er blant anna innkjøpt av Oslo kommunes kunstsamlinger og Sørlandet kunstmuseum. 

På opninga vil vi også få høyre Ole Kristian Nyhagen spele på både bukkehorn og lur! Nyhagen kjem fra Bagn, er ein allsidig musikar. Dei siste åra har han spelt mykje folkemusikk. 

Obs! I år er opninga på ein fredag kveld! Fredag 29. september kl. 18.00-19.00. Kunstnaren er tilstades og vil gje ein artist talk. Enkel servering.

Utstillinga blir ståande ut oktober.

Design av plakat: Ingrid Wigdel. www.ingridesign.no

Kunstutvalet i Vang

v/Marianne Isachsen

2024 © Vang frivilligsentral