BOKKVELD med utdeling av positivprisen

Onsdag 6. desember kl. 19 inviterer vi til den tradisjonelle bokkvelden på Vang folkbibliotek!

Før ordførar Jørand Ødegård Lunde deler ut prisen for årets positive vangsgjelding, får du i år eit foredrag om småbruksdrømmen av Tor-Evert Grøndal.

Tor-Evert, kjent frå NRK-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", tok i 2018 steget ut frå bylivet og flytte opp i Øvre Brekkebakkadn. For ei god veke sidan gav han ut boka "Småbruksdrømmen". Her fortel han om kva han har vore gjennom på godt og vondt. Kva er det vi eigentleg lengtar etter, når vi lengtar etter det gode liv på landet?

Jørgen Andrisson Kvam underheld med felespel

Norli Fagernes kjem med eit godt utvalg bøker til sals - her kan du gjere noko av julehandelen, om du vil!

Enkel servering. Velkomen!

Vi har sjølvsagt boka til Tor-Evert på biblioteket. Du kan få lånt den hjå oss, eller kjøpt den på bokkvelden eller andre stader. Her kan du lese meir om boka: https://www.friskforlag.no/produkt/smabruksdrommen/…

2024 © Vang frivilligsentral