-
Politikarpraten #2
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia i forkant av kommunestyremøta!
Vinterferie i Vang
Velkomen til kreative dagar på biblioteket og aktivitetsdag i akebakken!Neste veke byr vi på kreative dagar på Vang folkebibliotek tysdag, onsdag og fredag kl 12-15, med diverse hobbyutstyr, spel og lego. Vi ønskjer at ungar kjem saman med vaksne og 'ordnar seg sjølv' med det vi har satt fram.
Torsdag bli det aktivitsdag på jordet bak Vang mottakssenter. Då stiller BUA Vang med diverse utstyr og varm bålpanne. Ta med mat du vil grille sjølv - og all aking skjer på eige ansvar ;)
Velkomen til ein sosial vinterferie i Vang!
Del på:
-
Ferskingkurs i friluftsliv
Ønskjer du å vere meir ute i naturen? Treng du ei oppfrisking i friluftsliv, eller du vil lære deg korleis bruke kart og kompass, primus, eller effektiv båltenning? DNT Valdres, Vang frivilligsentral og Vang turlag inviterer til ferskingkurs i friluftsliv, 4 måndagskveldar i april og mai.
-
Klesbyttedagen 2024
Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!
-
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld
Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.
-
Påske
💛Frivilligsentralen tar no ferie og held stengt heile påskeveka.