Temakveld om demens

- korleis kjenne att symptoma? Måndag 28. mars kl 18.30 på Vang folkebibliotek

Vi håper å nå ut både til deg som er pårørande til nokon med demens, og til alle som ønskjer å blir meir kjent med diagnosa. Demens er ein folkesjukdom som det er forventa skal doble seg i åra framover, og difor er det viktig å auke kunnskapen om sjukdommen i befolkninga. 

Vi får digitalt besøk av Bjørn Lichtwarck som er spesiallege ved alderspsykiatrisk avdeling på Sanderud, Sykehuset Innlandet, og forskar på demens og åtferdsutfordringar. I tillegg vil Joanke Tito orientere om hukommelses-teamet i Vang og våre tenester i kommunen. Det blir høve til å stille spørsmål både til Bjørn og Joanke.

Vi ønskjer påmelding til Vang kommune på tlf 61 36 94 00 innan 24. mars. Velkomne til temakveld!

Dette er ein av fleire temakveldar som er planlagt i samarbeid mellom helse- og omsorgsetaten og frivilligsentralen.


2024 © Vang frivilligsentral