BUA er no ope!

I BUA kan du låne ski, truger, akematter, bålpanne, telt, soveposar - og ein masse andre ting til friluftsliv, sport og leik. Heilt gratis!

BUA Vang ligg mellom Drengestøga og Vangsheimen. Vi har ope tysdagar og torsdagar kl 15 - 18. Kom innom for drop-in-lån, eller reserver på førehand. Etterkvart vil du også kunne hente/levere utstyr du har reservert på biblioteket. 

Du kan sjå alt utstyret vårt på bua.io/bua-vang

For å låne må du opprette ein profil på nettsida. Alle over 18 år kan opprette ein profil, og legge til sine ungar som medlånarar slik at dei kan låne sjølv i BUA.

Du når oss på 46 81 64 73 // frivilligsentralen@vang.kommune.no Følg oss også gjerne på facebook.com/buavangivaldres

BUA Vang er eigd av Vang kommune. I tillegg til eigne midlar har vi fått 100.000 frå Sparebankstiftelsen DNB.

Her kan du sjå video frå opninga!

bua info

2024 © Vang frivilligsentral