-
Politikarpraten #2
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia i forkant av kommunestyremøta!
Frivilligsentralen feirar 10 års-jubileum!
Det er 10 år sidan Vang frivilligsentral opna. Mykje har skjedd sidan den gong, og det lyt feirast; vi inviterer til jubileumsfest måndag 20. mars kl 19 på Vang folkebibliotek!Det blir eit kort program først, med litt tilbakeblikk og frampeik. Vangskoret set feststemninga med eit par songar, og vi får ei helsing frå vår aller første styreleiar Carl Philip Weisser saman med noverande styreleiar Kari Hagaseth.
Etterpå inviterer vi gjestane til å gå rundt i lokalet og prate med representantar for våre ulike aktivitetar. Du kan høyre meir om BUA, middagsgjengen, øvingskøyring, språktrening, aktive saman, foreningsportalen og samarbeidet med biblioteket, og i galleriet kan du sjå bilete frå 10 års drift. Det blir sjølvsagt jubileumskaker, og forhåpentlegvis mange trivelege folk å prate med.
Velkomen til jubileumsfest!
Del på:
-
Ferskingkurs i friluftsliv
Ønskjer du å vere meir ute i naturen? Treng du ei oppfrisking i friluftsliv, eller du vil lære deg korleis bruke kart og kompass, primus, eller effektiv båltenning? DNT Valdres, Vang frivilligsentral og Vang turlag inviterer til ferskingkurs i friluftsliv, 4 måndagskveldar i april og mai.
-
Klesbyttedagen 2024
Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!
-
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld
Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.
-
Påske
💛Frivilligsentralen tar no ferie og held stengt heile påskeveka.