Juleferie

No er det snart jul! Frivilligsentralen held stengt fom. 19. desember tom. 2. januar.

Biblioteket held ope som normalt alle dagar som ikkje er raude. Slik blir det sjåande ut i år:

Vi vil nytte høvet til å rette ein stor takk til alle som har bidrege til årets julegåvedugnad! Vi er veldig rørt over dei mange flotte gåvene som folk i Vang har kjøpt og gitt. Styret i sentralen samt tilsette ved mottaket og læringssenteret står for fordeling og innpakking av gåvene, og vi fordeler klede og leiker som best vi kan, slik at kvart born får éin pakke med litt forskjellig i. I år pakka vi inn nesten 50 gåver! 


Ein STOR takk også til alle som stiller opp som frivillige!! Vi har ein stor, flott gjeng som bidreg med alt frå middagsservering, lekseklubb, øvingskøyring, sjauing og bæring, hagearbeid, høgtlesing, datahjelp, reparasjonskurs, studiegruppe i køyreteori..... Og mykje mykje meir! Det betyr enormt mykje for oss, for lokalsamfunnet, og for den enkelte som får hjelp. Frivilligsentralen er ingen ting utan alle dykk som stiller opp og brukar fritida dykkar på å hjelpe andre <3  

2024 © Vang frivilligsentral