Digikafé

Velkomen til ein ny sesong med digi-kafé på Vang folkebibliotek! Her kan du bli tryggare på data og smarttelefon, og oppdage moglegheitene du får med meir digital kompetanse.

Vi har to digi-kafear gåande: 

Kvar måndag utanom skuleferiar, kl 16 – 18, sit tre ungdommar klare for å hjelpe deg med kva som helst du måtte lure på; Olav van Leuween, Oskar Solemsli og Lene Berge.  

Og ein onsdag i månaden, kl 12 – 14, er det våre frivillige digi-vertar som stiller opp. Boye Thorpe, Derk Stegwee, Svein-Ove Blystad og Håkon Berge er nokon av dei du kan møte på her. Dei har planlagt aktuelle emner, men du kan framleis møte opp med andre utfordringar du har og få hjelp! Datoane og emnene for vårhalvåret er som følgjer: 

10.1: Endre skattekort, reiseregning pasientreiser, bank-ID/kodebrikke  

 7.2: Kjøp riktig digitalt utstyr  

 6.3: Nettbank 

 3.4: Skattemelding  

 8.5: Digitalt demokrati på frigjeringsdagen! 

 5.6: Etter ønske 

Ta med mobil / nettbrett / PC, og evt kodebrikke / passord. Vi byr på kaffi, te og kjeks. Digi-vertane har sjølvsagt teieplikt.  

Digi-kafé er eit samarbeid mellom Vang kommune v/ Leva heile livet, Vang frivilligsentral, og Vang folkebibliotek.  

2024 © Vang frivilligsentral