Ahmad tok lappen på rekordtid

Etter 3-4 månader med intensiv øvingskøyring bestod Ahmad Mohamed Ali Obo (41) oppkøyringsprøva på første forsøk!

Frivilligsentralen set seg ned med Ahmad og leiar på Vang læringssenter, Kristin Venås. Det er 10 år sidan læringssenteret og frivilligsentralen saman starta eit bulystprosjekt, der det mellom anna vart kjøpt ein bil som frivilligsentralen bemannar med frivillige til øvingskøyring. Om lag 30 elevar og 15 frivillige har nytta bilen sidan prosjektet starta. Mange av elevane har stått løpet ut heilt fram til førarkort.

- Målet er at dei flyktningane som blir busett i Vang skal få lyst og ha moglegheit til å bli buande her etter at introduksjonsprogrammet er omme. Og skal dei kunne få seg jobb og trivast her så er førarkort og bil ein vesentleg faktor, fortel Kristin.

Tilskot og lån

I 2023 innført Vang kommune ei prøveordning der busette flyktningar som er innanfor 5årsperioden der kommunen får integreringstilskot, kan søke tilskot på opp til 30.000 til førarkort, og rentefritt lån på opp til 30.000 til kjøp av bil. Tilskotet er finansiert av integreringstilskotet som kommunen får frå staten, knytt til dei flyktningane som blir busett her. Formålet med integreringstilskotet er å bidra til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busettings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane snarast mogleg får arbeid og kan forsørge seg sjølve og delta aktivt i samfunnet. Kristin er glad for at kommunen har valt å satse på prøveordninga, fordi bilkøyring er ein viktig nøkkel for å kunne delta i samfunnet på alle vis.

- Har du førarkort aukar området du kan søke jobb i. Og for familiar er det viktig at ungane skal kunne delta i fritidsaktivitetar, det er jo vanskeleg om ein ikkje bur sentrumsnært og ikkje køyrer bil. Førarkort er rett og slett veldig viktig for integreringa, fortel ho.

Prøveordninga skal snart opp til politisk vurdering i kommunen, da håper Kristin at dette blir ei varig ordning.

- Pr no er det 2 som har fått tilskot til førarkort, og 5 som har fått lån til bil. For fleir av desse har ordninga ført til varig eller midlertidig arbeid, fleire plassar i Vang og resten av Valdres, så ordninga har fungert etter planen, smiler Kristin.

Motiverte elevar

Ahmad smiler også, og viser stolt fram sitt nye førarkort. Han har øvingskøyrt litt privat gjennom sine 14 år som asylsøkjar i Vang, men det var først då han fekk opphald og vart busett i kommunen for eit halv år sidan at han kunne starte med køyretimar på køyreskule, øvingskøyre med frivilligsentralen sin bil, og søke tilskot gjennom kommunen si prøveordning. Det har blitt nokre hektiske månader med intensiv øving.

- Eg likar å lære nye ting, og er ein person som lærer fort, fortel Ahmad.

- Og eg har jobba veldig hardt, samtidig som eg har hatt eksamen på skolen og ein jobb ved sidan av, fordi eg hadde veldig lyst til å ta førarkort.

At motivasjon er viktig kan Jon Heimlid si seg einig i. Han er den som har øvingskøyrt med Ahmad gjennom frivilligsentralen, og for han er det nettopp elevane sin motivasjon som gjer det morosamt å vere frivillig.

- Som frivillig ledsager møter eg hyggelege folk, som er målbevisste og vil oppnå noko, det synest eg er veldig givande, fortel den pensjonerte læraren.

Jon dreiv med frivillig trafikkopplæring på moped og trafikale grunnkurs i mange år. Då han gjekk av med pensjon for nokre år sidan meldte han seg som frivillig hos frivilligsentralen. Det har blitt mange køyreelevar etter kvart, og Jon fortel at han lærer noko nytt for kvar gong.

- Det viktigast er å ikkje la seg stresse opp og bli nervøs, det smittar over på eleven. Ein må ta det roleg og gi dei trua på seg sjølv.

Ahmad skryt av den frivillige køyrelæraren sin.

- Jon er veldig flink og veldig snill! Han er flink til å forklare kva ein skal gjere og kva ein må passe på, eg har lært veldig mykje av han, fortel Ahmad og ramsar opp alt dei øvde på.

Klare rammer

Ein del av samarbeidet mellom frivilligsentralen og læringssenteret er felles rutinar for å prioritere og følgje opp køyreelevane. Dei som skal bli prioritert må ha eit visst nivå i norsk, og dei må fylle ut ein plan for gjennomføring, finansiering og motivasjon. Det skal vere evalueringsmøte, og det er den frivillige som bestemmer når eleven er klar for køyretimar eller nye utfordringar.

- Jon ga beskjed om når eg var klar for å starte på køyreskule, eg sa fort at eg ville prøve nye ting, men han sa nei du må vente til du er klar. Og når vi køyrte så ga han meg ansvar, han sa ‘no er eg ikkje her, no køyrer du, no må du ta ansvar og tenke sjølv’, fortel Ahmad engasjert.

Tryggheit, ro og ansvar fekk han kjenne at var viktig då han kom til oppkøyringa. Sensoren sa ikkje berre ‘køyrt til høgre’, han ga oppgåver slik at Ahmad måtte tenkje sjølv og planlegge ruta si.

- Eg klarte å vere roleg, og tenkte at det var det same som når eg køyrte med Jon, smiler Ahmad.

Behov for fleire frivillige

Framtidsdraumane er mange for Ahmad, og fleir av dei inkluderer bilkøyring.

- No jobbar eg 30 % som miljøarbeidar på mottaket. Når eg er ferdig på introduksjonsprogram så har eg lyst til å jobbe i Vang kommune som støttekontakt! Eller bli bussjåfør, eller taxisjåfør. Og så vil eg bli vekter, aiaiai eg elskar å jobbe som securitas, gliser han.

At Ahmad klarte lappen på så kort tid skuldast både motivasjon, hardt arbeid og at han allereie prata veldig godt norsk. Og at vi hadde ein engasjert og aktiv frivillig. For andre kan det ta lengre tid. Det er fleire busette flyktningar som ønskjer å ta førarkort og legge til rette for ei framtid i Vang, difor håpar vi også fleire vansgjeldingar vil vere med å bidra! Er du roleg, pedagogisk og trygg i bil? Har du ein time i veka til overs? Ta kontakt med frivilligsentralen da vel – vi lover ei oppgåve som er spanande, givande og meiningsfull 😊

Jon med ein tidlegare elev

Nokre av våre flinke frivillige og elevar opp gjennom åra

2024 © Vang frivilligsentral