Frivilligmarknad 30. april 2022 kl 12-16

Frivillige lag inviterast til å vise seg fram i og utanfor Vangshallen! Målet er at publikum skal få info og gode inntrykk av alle aktivitetar ein kan delta på i Vang, og at laga kan verve nye medlemmar/deltakarar.

Laga kan stå på stand, ha aktivitet som folk kan teste, vise seg fram med ein 'happening' iløpet av dagen osv. Det blir også sal av mat, og forhåpentlegvis mykje liv og røre! Frivilligmarknaden koordinerast av arbeidsgruppa i prosjektet Inkluderande frivilligheit.

For å planlegge treng vi informasjon frå laga om kven som vil delta, og korleis dei ønskjer å vise seg fram denne dagen. Vi ber alle laga (også dei som ikkje vil delta) om å fylle ut dette spørjesjemaet før arbeidsgruppa har sitt neste møte 18. mars. Det er sjølvsagt mogeleg å endre sine planer etter dette, men vi treng ein oversikt for å kome i gang med planlegginga.

Spørreskjema er stengt

Har du spørsmål, kontakt Marte på frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46816473

2024 © Vang frivilligsentral