-
Politikarpraten #2
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia i forkant av kommunestyremøta!
Konsert med Malin Jonsson
Onsdag 26. april kl. 19.00 kjem artist og låtskrivar Malin Jonsson til Vang folkebibliotek. Saman med den eminente gitaristen Bjørn Løvås vil ho framføre både eigne songar og eit utval frå det svenske 80-talet.Konserten er eit samarbeid mellom Vang frivilligsentral, Vinjerock, Vang folkebibliotek og kulturkontoret, og det er fri entre.
Jonsson kjem frå Lima i Sverige, og har dei siste 10 åra vore busett i Trysil. Ho skriv eigne låtar i sjangeren melodiøs pop i folketonar med svenske tekster. I 2003 ga ho ut sin debutsingel under eige namn, og har sidan gitt ut tre album.
Dei siste fire åra har Jonsson arrangert veldedigheitskonsertar i Trysil til inntekt for heimlause og til Ukraina, noko som har blitt satt stor pris på. I 2022 vann ho Björn Skifs musikkpris Rocknallen for sitt solide kunstnarskap samt sitt samfunnsengasjementet. Ho har tidlegare vore nominert til «Årets artist» ved Dalecarlia Music Awards, og vunne Sveriges Radios musikkonkurranse «Svenskstoppen Nästa».
Løvås er ein anerkjent norsk gitarist, og har mellom anna vore med på to gullplater. Saman har dei gjort mange konsertar, både i Sverige og Norge, til ståande applaus.
Velkomen til ein stemningsfull intimkonsert på biblioteket!
Del på:
-
Ferskingkurs i friluftsliv
Ønskjer du å vere meir ute i naturen? Treng du ei oppfrisking i friluftsliv, eller du vil lære deg korleis bruke kart og kompass, primus, eller effektiv båltenning? DNT Valdres, Vang frivilligsentral og Vang turlag inviterer til ferskingkurs i friluftsliv, 4 måndagskveldar i april og mai.
-
Klesbyttedagen 2024
Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!
-
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld
Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.
-
Påske
💛Frivilligsentralen tar no ferie og held stengt heile påskeveka.