Nærtur: Nørsvinsfjorden

Frivilligsentralen og folkehelsekoordinator, saman med fleire andre, arrangerer nærturar rundt omkring i Vang. Oppdag nye stigar og bli kjent med nye naboar! Torsdag 7. september kl 17:00 går turen til Nørsvinsfjorden.

Tore Hovda tek oss med på nærtur med historisk sus! Oppmøte hjå Tore; Hensåsvegen 40.

Vi går forbi Blåsarhaugen, vidare til Skjetvike, Trøllhus, Høvdan og tilbake forbi Nørsvin. Runda er ca 3,5 km lang, stort sett på skogsveg og noko på stig. Vi held eit roleg tempo som skal passe for dei fleste. Ta med deg kaffi og biteti om du vil, det blir ein rast på Høvdae.

Ved dårleg vêr; sjekk vang.frivilligsentral.no for oppdatert info.

2024 © Vang frivilligsentral