Haustprogrammet er klart!

Badstovekveld, forteljarkurs, jordbruksdebatt og sykkelforedrag med Makken - det er nokre av godbitane du kan få med deg i haust på folkebiblioteket og frivilligsentralen i Vang.

Det er altid veldig stas, og litt nervepirrande å lansere programmet for sesongen, og vi håper det inneheld noko for ein kvar smak. Husflidslaget inviterer til handarbeidsverkstader for ungar, og mållaget ber til dialektkveld. I tillegg blir det aktivitetar i haustferien, og studiegruppe for dei som les til teoriprøva. Den tradisjonsrike bokkvelden er sjølvsagt på plass, det er også fleirkulturell julelunch som vi hadde stor suksess med i fjor. Årets haustutstillar er Monica Winther, i tillegg kan du sjå ei H. C. Andersen-utstilling i delar av september/oktober. Frivilligsentralen inviterer også til dialogmøte om frivilligheita i Vang, og aller først ut på haustens program er eit besøk av Klovnen Knut når vi avsluttar årets sommarleskonkurranse.

Du kan laste ned heile programmet her: haustprogram 2018

Og hugs - alt er gratis og ope for alle. Velkomne til ein kulturell haust i Vang!

2024 © Vang frivilligsentral