BUA Vang opnar torsdag

Med slagordet «barn og ungdom i aktivitet» er det klart for opning av BUA Vang torsdag.
I BUA kan du låne ski, truger, akematter, bålpanne, telt, soveposar - og ein masse andre ting til friluftsliv, sport og leik. Heilt gratis! 

– Vi har jobba med dette prosjektet i fleire år. Endeleg er dagen her og vi kan lansere dette tilbodet til innbyggjarane i Vang, fortel dagleg leiar ved Vang frivilligsentral, Marte Tangen.


Are ordnar opp

Are Flaten er tilsett i 20% for å ha ansvar for BUA. Han ser fram til å kome i gang med utlånet til både barn, ungdom og vaksne.

– Med all snøen vi har no er det jo fantastisk å kunne bidra til at alle kan leike og vere aktiv på mange ulike måtar. Eg gler meg til å få folk innom og bli kjent med både ungar og vaksne, fortel Flaten.

BUA Vang ligg mellom Drengestøga og Vangsheimen. Lokalet er pussa opp og innreidd med BUA-farger, og fylt opp med frilufts- og sportsutstyr. 

BUA kjem til å vere open tysdagar og torsdagar kl 15 - 18. Då kan folk kome innom for drop-in-lån, eller reserver på førehand. 

Etterkvart vil ein også kunne hente/levere utstyr ein har reservert på biblioteket. Du kan sjå alt utstyret på eigne nettsider der du også lyt opprette profil for å kunne låne utstyr.

– Vi hjelper deg gjerne å registrere låneprofil i BUA fyrste gongen, informerar Flaten.

Alle over 18 år kan opprette ein profil, og legge til sine ungar som medlånarar slik at dei kan låne sjølv i BUA. 


Nasjonalt konsept med lokal vri

BUA er eit nasjonalt konsept, som allereie er etablert på Leira og i Etnedal. 

- Også Vestre og Øystre Slidre har utstyrssentralar, så det er veldig fint å få dette tilbodet også til Vang, fortel Flaten.

BUA Vang er eigd av Vang kommune. I tillegg til eigne midlar har dei fått 100.000 frå Sparebankstiftelsen DNB.

– Vi har fått gode prisar på Intersport Filefjell, der alt utstyret er kjøpt. Og så låner vi noko av Vinjerock, som set pris på at utstyret deira blir brukt meir enn berre ein gong i året.

Elles har både vaktmeister, frivillige og gode samarbeidspartnarar i etaten stilt opp, og Snikkerbugutadn og Slidreøya fengsel har levert flotte interiørprodukt.


Kan låne torsdag

Opninga på torsdag blir av omsyn til smittevern berre for inviterte. I tillegg til samarbeidspartnarar er 6. klasse på VBU invitert, så dei blir dei første som får teste utstyret i aktivitet.
– Men allereie frå torsdag ettermiddag er vi i gang med ordinær opningstid, då kan kven som helst kome innom. I små grupper såklart, så vi ivaretar forsvarleg avstand, avsluttar Flaten.

BUA Vang når du via nettside, Facebookside  eller ved å kontakte Vang Frivilligsentral: frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46 81 64 73

Ope: tysdag og torsdag kl 15-18

Sosiale media

2021 © Vang frivilligsentral