-
Klesbyttedagen 2024
Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!
Forteljarkurs
Måndag 8. oktober kjem Marit Anmarkrud til Vang for å halde kurs i forteljarkunst.Kurset er ope for alle, og vi ønskjer særskilt å nå foreldre, besteforeldre, barnehagetilsette, leiarar, turistnæringa, politikarar og lærarar.
Fokuset på kurset er å bli betre til å fortelje historier gjennom ulike teknikkar og øvingar. Anmarkrud er utdanna lærar, dramapedagog, forteljar og familieterapeut, ho har brei erfaring med kulturformidling til skoler og barnehagar, og driv eventyrleir i tillegg til å gi forestillingar og kurs.
Påmelding: frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46816473
Dagen etter vil Anmarkrud ha ei fortejlarforestilling for elevane på 3. og 4. trinn, og dei frå kurset som ønskjer er velkomne til å delta på denne – men det er heilt frivillig. ;) Velkomen!
Del på:
-
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld
Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.
-
MØTEPLASSEN
Torsdag 11. april kl. 14 ønskjer vi velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar! Denne gongen møtast vi på Mjøsvang Kafé.
-
Påske
💛Frivilligsentralen tar no ferie og held stengt heile påskeveka.
-
Vårprogram 2024
Programmet fram mot sommaren i samarbeid med Vang folkebibliotek er klart!