Nærtur: Kongevegen i Øye

Onsdag 4. oktober kl 17:00

Frivilligsentralen og folkehelsekoordinator, saman med fleire andre, arrangerer nærturar rundt omkring i Vang. Oppdag nye stigar og bli kjent med nye naboar!

Vår andre nærtur startar på parkeringsplassen ved Krokasvingen i Øye, og Oddbjørn Skeie er med som guide. Vi går langs kongevegen oppom Snøyudn, og endar på Låvemuseet på Hermundstadhaugen der vi får omvisning av Aud Kvale. Turen byr på nokon gode motbakkar, men vi held eit roleg tempo som skal passe for dei fleste. Vang turlag stiller som medarrangør på denne turen. 

Ved dårleg vêr; sjekk vang.frivilligsentral.no for oppdatert info.

Her ser du oppmøtepunktet Krokasvingen:


2024 © Vang frivilligsentral