10årsjubileet - for ein fest!

10årsjubileet er vel overstått, og 60 frammøtte bidrog til å gjere dette til ein veldig triveleg kveld <3

Vangskoret opna ballet med flott sang. Så kom det talar på løpande band frå dagleg leiar Marte Tangen, kommunalsjef utdanning og kultur Marta Bjørnøy Lalim, vår første styreleiar Carl Philip Weisser saman med noverande styreleiar Kari Hagaseth (som også hadde dikta sang i høve jubileet), og ordførar Vidar Eltun som avslutta med eit dikt.

Så var det kake og mingletid. Frivillige og samarbeidspartnarar stod på 'stands' rundt i lokale og fortalte om våre ulike aktivitetar, og Mjøsvang kafé, Marie Hermundstad og Bjørg Lerhol sørga for eit flott kakebord. Mange hadde også stor glede av utstillinga med bilete frå 10 år med masse variert aktivitet. 

Takk til alle som tok del i feiringa saman med oss! Og til Khalid og Maryna som bidrog med uvurderleg rigge-, rydde- og utstillingshjelp. Vi gler oss til dei neste 10 åra :)


2024 © Vang frivilligsentral