-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
Oppsettet for foreningsportalen er klart!
Så snart lag og foreningar har lagt inn sin informasjon, er vi klare for lansering.I mai 2021 hadde vi det første innspelsmøte der laga sjølv kom med ønskjer om betre koordinering av info digitalt, så vi gler oss veldig over at vi snart er klare for lansering. Foreningsportalen er eitt av fleire tiltak i prosjektet inkluderande frivilligheit.
Foreningsportalen kjem til å bli eit veldig godt verktøy der folk i Vang kan finne informasjon om laga og deira aktivitetstilbod. I tillegg blir det enklare for frivilligsentralen, Innovangsjon og kommunen å halde oversikt og kommunisere med laga.
Portalen innheld mangle fleir lag enn dei frivilligsentralen har hatt i sitt register før, som grunneigarrelaterte lag, politiske parti, hyttevelforeingar mm. Dette er henta frå Brønnøysundregisteret. Arbeidsgruppa meiner at det er ei styrke at portalen viser breidda i foreningslivet, og blir ein relevant informasjonsplass for flest mogleg. Portalen er inndelt i kategoriar og geografiske områder, og vi har etter beste evne prøvd å kartlegge kontaktpersonar hos alle. Om nokon meiner seg feilplassert er det enkelt å endre, og inaktive lag kan vi fjerne frå portalen.
Portalen blir plassert på vangivaldres.no, og aktivitetane i kalenderen på vangivaldres.no skal også lenkast til og frå portalen. Det er forankra i kommunen at foreningsportalen skal vere den einaste sida i Vang der samla kontaktinfo over laga ligg, slik at det ikkje er fleir ulike register å halde oppdatert. (Dette gjeld først og fremst dei aktivitetsbaserte laga. Når det gjeld grunneigarlag o.l. har vi ikkje enno kartlagt kva for registrer som finst og avklart kor det eventuelt blir ein overlapp.)
Vi gler oss til å snart nå målet vårt om ein god digital plattform der alle kan finne informasjon om alt som foregår i kommunen vår – til nytte for både laga, oss som jobbar med frivilligheita, og nye og gamle innbyggjarar!
Kontaktpersonane i laga er tilsendt epost med lenke til å redigere informasjon om eige lag.
Del på:
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!
-
Haustprogrammet 2025 er lansert
Velkomen til forfattarbesøk og fotballturnering, sjakktreff og språkkafé, kviss og kurs, og mykje meir!!
-
Dugnad og fellesskap på tvers av kommunegrensa
Me møter dugnadsgjengen i gangvegen Ryfoss – Høre. Den gamle gutegjengen er midt i kvilen og kosar seg med kaffe og Arve`s kanelsnurrar. «Versågod», seier Arve, og plutseleg står eg med kaffekoppen i ei hand og kanelsnurr i den andre.