-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
Frivilligmarknad 30. april 2022 kl 12-16
Frivillige lag inviterast til å vise seg fram i og utanfor Vangshallen! Målet er at publikum skal få info og gode inntrykk av alle aktivitetar ein kan delta på i Vang, og at laga kan verve nye medlemmar/deltakarar.Laga kan stå på stand, ha aktivitet som folk kan teste, vise seg fram med ein 'happening' iløpet av dagen osv. Det blir også sal av mat, og forhåpentlegvis mykje liv og røre! Frivilligmarknaden koordinerast av arbeidsgruppa i prosjektet Inkluderande frivilligheit.
For å planlegge treng vi informasjon frå laga om kven som vil delta, og korleis dei ønskjer å vise seg fram denne dagen. Vi ber alle laga (også dei som ikkje vil delta) om å fylle ut dette spørjesjemaet før arbeidsgruppa har sitt neste møte 18. mars. Det er sjølvsagt mogeleg å endre sine planer etter dette, men vi treng ein oversikt for å kome i gang med planlegginga.
Har du spørsmål, kontakt Marte på frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46816473
Del på:
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!
-
Haustprogrammet 2025 er lansert
Velkomen til forfattarbesøk og fotballturnering, sjakktreff og språkkafé, kviss og kurs, og mykje meir!!
-
Dugnad og fellesskap på tvers av kommunegrensa
Me møter dugnadsgjengen i gangvegen Ryfoss – Høre. Den gamle gutegjengen er midt i kvilen og kosar seg med kaffe og Arve`s kanelsnurrar. «Versågod», seier Arve, og plutseleg står eg med kaffekoppen i ei hand og kanelsnurr i den andre.