Inkluderande frivilligheit

Saman skal vi gjere frivilligheita i Vang enno meir synleg og tilgjengeleg!

Aldersgruppe: For alle

Ei arbeidsgruppe beståande av folkehelsekoordinator, flyktningetenesta, frivilligsentralen og Innovangsjon SA, ville ta grep for at fleir av dei som pr i dag ikkje deltar på fritidsaktivitet eller bidreg i frivilligheita i Vang, skulle få mogelegheit til nettopp dette. Frivillighetens år var utgangspunktet, men prosjektet pågår framleis.  

Vi starta med å sjå på status og behov for ulike innvandrergrupper i Vang, men resultata er overførbare til også andre målgrupper, og vi jobbar med at prosjektet skal treffe alle som av ulike grunnar ikkje deltek.

27. mai 2021 var frivillige lag og representantar frå ulike innvandrargrupper i Vang samla for å kome med innspel til arbeidsgruppa: referat innspelsmøte#1 27.5.21 inkluderande frivilligheit

Ut frå innspela som kom fram jobba arbeidsgruppa vidare med å konkretisere og søkt prosjektmidlar til ulike tiltak. 30. september 2021 samla vi igjen frivillige lag for å jobbe vidare med tiltaka: referat innspelsmøte#2 30.09.21 inkluderande frivilligheit

Basert på innspelsmøta vart tre tiltak definert: 

2025 © Vang frivilligsentral