Vårprogrammet er lansert!

Med midlar frå Sparebankstiftelsen DNB har frivilligsentralen i 2020 fokus på mestring og læring. Vårens program i samarbeid med biblioteket gir også plass til både musikk, litterære arrangement, og andre gode møteplassar og opplevingar.

Vi startar allereie 29.1 med eit foredrag med forfattar og mataktivist Thomas Horne, kor vi skal lære kunsten å ikkje kaste mat. Seinare skal vi lære om skredfarevurdering av Leif Øyvind Solemsli, om gode presentasjonsteknikkar av skodespelar Nina Schjeide, og om redesign av Veronica Glitsch. Sistnemnte på ein stor reparasjonsverkstad der folk skal få hjelp til å fixe både tekstilar, tururtstyr og ei rekke andre ting.

Det blir mykje musikk i februar; først ein konsert med Oddbjørn Skeie og Gyda Grøndalen, og så får vi besøk av Kouame Sereba i høve morsmålsdagen. Før påske får du presentert god krimlitteratur av Bokfinkene, 6-åringane skal som alltid få vere med på Bokleik, og alle ungar kan få vere med på aktivitetar i vinterferien, og på Sommarles-kampanjen.

Vi held på tradisjonen med sykkelmekking, og ein stor fleirkulturell vårfest med mykje god mat frå heile verda. Nytt av året er ein pøbbprat (kafédialog) der vi gjerne vil få flest mogeleg med på å diskutere kva vi vil med Vang inn i framtida.

Vi har mange gode samarbeidspartnarar med oss på vårens program, og fleire av arrangementa som frivilligsentralen bidreg på vil finne stad andre plassar enn i våre eigne lokalar.

Elisabeth Sparstad held fram med norsktime kvar onsdag, lekseklubben er ope kvar tysdag, og lesesirkelen held fram med plass for både nye og gamle lesarar. Velkomen til ein spanande vår på biblioteket og frivilligsentralen i Vang!

Her kan du laste ned vårprogrammet 2020

2020 © Vang frivilligsentral