Temakveld om badstovetradisjonar i Vang før og no

Onsdag 12. september kl 19:30 blir det temakveld om badstovetradisjonar i Vang før og no, på Vang folkebibliotek.

Sigfred Hovda fortel om Brudal badstøge i Hensgardane, som var i bruk frå 1949 til 1977. I seinare tid har tradisjonen tatt seg opp i Vang, med arkitekttegna badstøger som vekker internasjonal oppsikt. Hallgrim Børhus Rogn fortel og viser bilete frå desse prosjekta, og Emma Børhus Törmä vil dele nokre saftige saunahistorier frå finsk-svenske Tornedalen.

Etterpå fyrer vi badstova ved Vangsmjøsa, så den som vil kan avslutte kvelden der. 

2020 © Vang frivilligsentral