Auka aktivitet - litt meir normalitet

Frå fredag går dei nasjonale retningslinene tilbake til slik dei var før påske. Det betyr at vi startar opp igjen dei faste aktivitetane våre, med max 10 deltakarar.
Velkomen tilbake til 'niste med noko attåt' måndagar kl 11.30, med påfølgande datakafé kl 12.30, lekseklubb tysdagar kl 15.30, norsktimen onsdagar kl 12 og teiknekollektivet torsdagar kl 19 (partallsveker)! 

Elles har vi framleis berre ope for ærend, men slik som før påske kan du igjen lese aviser eller sitte og studere. Hald 1 meter avstand, og god handhygiene. 

Datakaféen var populær frå start, og det er veldig stas! Vi vil difor anbefale dei som er interessert å melde seg på for å sikre seg plass. Ein kan delta på enkelttimar, eller heile kurset. Nivået er tilpassa deg som har særs lite erfaring med data, men det er også god trening for deg som kan litt frå før.

Programmet framover blir som følgjer:
19.april: Mappestruktur og lagring
26.april: E-post del 2
03.mai:  Word
10.mai:  Bilete-lagring frå mobil
31.mai:  Enkel databruk 2
07.juni:  Strømmetjenester
14.juni:  Smarttelefon del 1
21.juni:  Smarttelefon del 2
28.juni:  Oppsummering og kva vil vi til hausten?
2024 © Vang frivilligsentral