Kvinnehelse er viktig heile livet 

Det vart understreka fleire gonger under det opne møtet om kvinnehelse som arbeidsgruppa Levande Lokalsamfunn i Vang kommune inviterte til sist veke. Heile 93 kvinner i alderen frå litt over 20 til litt over 90 år møtte opp til eit engasjerande og lærerikt arrangement. Dette er eit av fleire arrangement i kampanjen 55+ og like go'e  i Vang kommune.  
Kommuneoverlege Mari Kaspersen og gynekolog og avdelingsoverlege Anja Døssland Holstad heldt foredrag om kvinnehelse gjennom ulike livsfasar. Gjennom nærare 90 minutt fekk forsamlinga innsikt i alt frå folkehelse og førebygging til overgangsalder, gynekologiske sjukdomar og kreft. 
Mari Kaspersen hadde eit tydeleg folkehelseperspektiv der ho retta søkjelys på kvinnehelse og kor viktig det er med god kunnskap og oppfølging gjennom ulike fasar av livet. Ho trekte fram fastlegen som ein viktig samarbeidspartnar, og snakka mellom anna om perimenopause, menopause og postmenopause. Vidare belyste ho utfordringane mange kvinner kan oppleve med mellom anna humørsvingingar, søvnproblem, hjernetåke og endringar i kroppen. Samstundes understreka ho at det finst hjelp å få, og oppmoda kvinnene til å vere opne om plagene sine og ta dei opp med fastlegen.

Førebygging var ein tydeleg raud tråd gjennom kvelden. Begge foredragshaldarane var samde om at sunt kosthald, god søvn, fysisk aktivitet, røykeslutt, celleprøver og mammografi er viktige tiltak for å ta vare på eiga helse. 
Anja Døssland Holstad gav forsamlinga eit innblikk i sin eigen arbeidskvardag gjennom bilete og animasjonar som viste både normal anatomi og ulike sjukdomstilstandar. Ho fortalde om mellom anna framfall, inkontinens, livmorhalskreft, brystkreft og eggstokkreft, og orienterte også om den positive effekten HPV-vaksinen har hatt i arbeidet med å førebyggje livmorhalskreft.

Begge understreka kor viktig fysisk aktivitet er for kvinnehelsa. Anja delte eit enkelt, men tankevekkjande råd med forsamlinga: Det er mange som angrar på at dei ikkje kom seg ut på tur, men få som angrar etter at turen faktisk vart gjennomført. 
Kvelden vart avslutta med ei påminning om Psykisk helse ABC: Gjer noko aktivt, gjer noko saman med andre og gjer noko meiningsfullt.

Arrangementet synte at kvinnehelse er eit tema som engasjerer, og at kunnskap og openheit kan vere viktige bidrag til betre helse gjennom heile livet.

Me gler oss til neste arrangement i februar, der mannehelse kjem som tema, og me håpar på like godt oppmøte da! 

Frå venstre: Kommuneoverlege Mari Kaspersen, og gynekolog og avdelingsoverlege Anja Døssland Holstad 

2026 © Vang frivilligsentral