-
Takk for innsatsen!
Det er mange som har vore engasjerte i årets TV-aksjon som fortener ein stor takk!
Trond-Viggo og Mari kickstarta kampanjen 55 + og like go'e
Det vart ein fullsett Vangshall, da Trond-Viggo Torgersen og Mari Garås Monsson var invitert til å kick-starte kampanjen 55+ i Vang. Kveldens tema var "Resten av livet".Kampanjen skal sette fokus på dei som er frå 55 år og oppover, og gjere vangsgjeldingane bevisste på å planlegge for endringar i livet. Kampanjen bygger på planleggelitt.no som er utvikla av Senteret for et aldersvennlig Norge.
Sjølv om kampanjen er retta mot 55+, var det gledeleg å sjå at fleire yngre også møtte opp. Noko som understrekar at temaet er relevant for alle, uavhengig av alder.
Dei to heldt eit samtaleforedrag der dei prata om livet, aldring, kroppen og overgangen til pensjonistlivet.
I kjent stil vart sjølv dei mest alvorlege tema snakka om med ein god dose humor, og det vart til tider overraskande personleg. Tilbakemeldingane etterpå tyder på at publikum sette pris på den gode tonen mellom dei to. Mari sa fleire gonger at dei byrja kjenne kvarandre godt etter å ha jobba lenge saman, og det merka ein godt med god flyt i samtalen, der Mari geleida Trond Viggo over frå det eine tema til det andre på ein varm og engasjerande måte.
Det var fleire i salen som ynskte å prate med Mari spesielt, fordi dei hugsa ho frå besøk hjå sine besteforeldre i Vang i barndommen.
Trond-Viggo hadde også oppheldt seg i Valdres i barndommen, og skrytte særleg av vegen hit, og sa det vart finare og finare til lenger mot Vang han kom!
Trond-Viggo, som no er 74 år, prata også om kva han gjer for behalde god helse, og kom med nokre konkrete tips. Han startar kor dag med ein god runde med morgongymnastikk, der han beveger og «riv opp» alle ledd i kroppen. Etter gymnastikken set han seg ned med ein kopp kaffi og lærer fransk i eit kvarter - dette fordi hjernen treng å brukas aktivt og til å lære seg noko nytt. Dette bør være noko som er vanskeleg nok til at du blir utfordra, men overkommeleg nok til at du tek deg tid til å gjere det dagleg.
Det vart nemnt fleire gonger at det verste han veit er sutrete menn over 70 år som til stadigheit klagar over dei same vondtane, og han oppsummerte med å dele sin livsfilosofi – gjere gøyale ting kvar dag. Gjer ting som gjer deg energi, framfor ting som stel energi frå deg. Gjer noko for kropp og hovud kvar dag.
Etter foredraget vart det tid for mingling med kaffi og kringle. Praten satt laust hjå folk, og det var fint å få samla seg rundt bordet og prate om inntrykka.
Arbeidsgruppa Levande Lokalsamfunn er strålande fornøgde med oppmøtet og svært glade for alle som nytta sjansen til ein prat og kaffikopp.
Me gler oss til temakveldane vidare i kampanjen, og allereie den 5. november står kvinnehelse på plakaten. I februar blir det ein temakveld for mannehelse.
Mange møtte opp for å høyre
Trond-Viggo selde mange bøker, og alle som ynskte fekk ein signatur
Joanke delte ut handlenett med kampanjens slagord: 55+ og like go'e
Frå mingling etter foredraget
Del på:
-
TV-aksjonen
Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen. Med din hjelp kan vi gje over 400 000 mennesker på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo ein trygg heim og eit håp for framtida. Du kan engasjere deg i Vang på forskjellige måtar.
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 2. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Fredagskosen er tilbake!
Det populære tilbodet er i gang att. Denne gangen har bulystteamet i Vang slege seg saman med Filefjellstuene.
-
Haustprogrammet er klart!
Her finn du alt frå fotballturnering, fortfattarbesøk, kviss, digitale foredrag, og meir!