-
TV-aksjonen
Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen. Med din hjelp kan vi gje over 400 000 mennesker på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo ein trygg heim og eit håp for framtida. Du kan engasjere deg i Vang på forskjellige måtar.
Takk for innsatsen!
Det er mange som har vore engasjerte i årets TV-aksjon som fortener ein stor takk!- Områdeleiarane i Øye, Vang, Åsvang og Høre/Ryfoss: Takk for at de stiller og har gjort jobben med å få tak i bøsseberarar til alle rodene
- Takk til Vang læringssenter som var med å klargjorde alle bøsser
- Takk til alle bøsseberarar som tok sundagsturen ut i vangssamfunnet på sundag og banka på dører
- Takk til alle som har tatt godt i mot bøsseberarane våre og gitt! I bøssene vart det telt opp kr 31.607,-
- Takk til FK Vang som stilte som fagkontakt i komiteen og som hadde loddsal på Tveit i september der inntekta gjekk til TV-aksjonen
- Takk til VBU, der alle elevar har sprunge til inntekt for TV-aksjon
- Takk til alle som tok utfordringa på vaffelstafetten eller som laga sin eigen vaffellunsj
- Takk til alle bedrifter som sa ja til å støtte då dei vart oppringt på Valdres sin ringedugnad
- Takk til resten av komitéen og alle gode hjelparar som har dratt dette i land
Og summen for Vang vil fortsette å vokse fordi:
- VBU arrangerer FN-konsert førstkomande fredag kl 10.30 i Vangshallen og inntektene går til TV-aksjonen. Alle er velkomne!
TV-aksjonen er ein av dei største dugnadene me har i landet, og Frivilligsentralen i Vang er takksame over å få vere ein del av dette viktige arbeidet. Gjennom aksjonen får me ikkje berre samla inn pengar til ei viktig sak, det er og lærerikt og inspirerande. Samarbeidet mellom frivillige, lag, skule, næringsliv og innbyggjarar viser kva me kan få til når me dreg i same retning.
Pr dags dato har innbyggar i Vang gitt kr 82,23 (1666 innbyggarar i Vang pr dags dato). Me kan skryte på oss ein 1. plass i Valdres, 4. plass i Innlandet og 49. plass nasjonalt.
Del på:
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 2. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Fredagskosen er tilbake!
Det populære tilbodet er i gang att. Denne gangen har bulystteamet i Vang slege seg saman med Filefjellstuene.
-
Haustprogrammet er klart!
Her finn du alt frå fotballturnering, fortfattarbesøk, kviss, digitale foredrag, og meir!
-
Kickoff 55+ kampanje med Mari og Trond-Viggo
Vi kickstarter 55+ kampanjen med samtaleforedrag med Mari Garås Monsson og Trond-Viggo Torgersen i Vangshallen!