-
Haustprogrammet er klart!
Her finn du alt frå fotballturnering, fortfattarbesøk, kviss, digitale foredrag, og meir!
Fredagskosen er tilbake!
Det populære tilbodet er i gang att. Denne gangen har bulystteamet i Vang slege seg saman med Filefjellstuene.Fredag 2. oktober inviterer Filefjellstuene og bulystteamet til Fredagskos med oktoberfest-vri. Det blir ein hyggeleg kveld på fjellet for bygdefolk, hyttefolk, nye og gamle vangsgjeldingar og alle andre som har lyst til å være med.
Fredagskos handlar fyrst og fremst om å møtes, slå av ein prat og ha det hyggeleg saman. Denne gangen blir det med litt ekstra ompa.
Valdres Brass Band stiller med eiget ompa-ensemble, kjøkkenet disker opp med en raus oktoberfest-tallerken, og de fyrste 25 gjennom døra får tyrolerhatt. Det blir små aktivitetar og god tid til både prat og nye kjentskapar.
Og har du lyst til å gå litt all in? Finn gjerne fram lederhosen, dirndl, rutete skjorte, tyrolerhatt eller noko anna som gjer oktoberfest-følelsen. Heilt frivillig, sjølvsagt – men ekstra gøy om nokon gjer litt ut av det!
Etter middagen fortset kvelden i Fjellpuben med musikk, godt lag og oktoberfest-stemning.
Arrangementet har 18-års aldergrense.
Tid: Fredag 2. oktober kl 19.00
Stad: Filefjellstuene
Pris: Kr. 595,- per person
Dette er inkludert:
· Ein skikkeleg oktoberfest-tallerken med masse godt
· Live ompa med Valdres Brass Band
· Tyrolerhatt til dei fyrste 25 som kjem
· Ein hyggeleg kveld på Filefjellstuene
Del på:
-
Kickoff 55+ kampanje med Mari og Trond-Viggo
Vi kickstarter 55+ kampanjen med samtaleforedrag med Mari Garås Monsson og Trond-Viggo Torgersen i Vangshallen!
-
Møt vår nye kollega!
Vi er veldig glade for å få med Vilde Hodneland Larsen på laget i Frivilligsentralen! Vilde skal jobbe som kommunikasjonsmedarbeidar saman med frivilligkoordinator Inger, når dagleg leiar Marte skal over i eit anna vikariat i eit års tid.
-
Les om alt vi gjorde i 2025
Årsmeldinga frå 2025 viser masse aktivitet og mange fine møter mellom menneske!
-
Vårprogrammet er klart!
Gjer deg klar for kviss, folkedialog, klesbyttedag, trebeskjæringskurs, sykkelmekking og mykje meir!