-
Haustprogrammet er klart!
Her finn du alt frå fotballturnering, fortfattarbesøk, kviss, digitale foredrag, og meir!
Kickoff 55+ kampanje med Mari og Trond-Viggo
Vi kickstarter 55+ kampanjen med samtaleforedrag med Mari Garås Monsson og Trond-Viggo Torgersen i Vangshallen!Trond-Viggo og Mari i Vang med «Resten av livet»
Kva betyr eigentleg «Resten av livet» - og korleis kan me fylle den tida med meining, livsglede og beviste val? Arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn i Vang kommune vil løfte fram dette temaet i kampanjen 55 +, og kick-startar kampanjen med ein inspirerande og tankevekkjande kveld med Trond-Viggo Torgersen og Mari Garås Monsson!
Saman vil dei ha eit samtaleforedrag om livet, kroppens aldring og overgangen til pensjonistlivet, med humor, livserfaring og klokskap. I samtala løfter dei fram tema me kanskje ikkje er så flinke til å prate om, og heller dyttar framfor oss. Alt frå forvandlingar, val, venskap, familie, bustad, økonomi, avslutningar og nye moglegheiter. Ei fase i livet som kan vere både befriande og forvirrande!
Kanskje vil desse to få oss til å tenkje litt nytt, kjenne etter kva som er viktig – og leve resten av livet med større bevisstheit og mot? Velkomen til eit foredrag som vil gi oss latter, ettertanke og inspirasjon å ta med seg vidare i livet!
Når: Torsdag 15. oktober 2026 kl 19.00.
Kvar: Vangshallen
Inngang: kr 150,-. Påmelding til frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46 81 64 73
Kaffi og biteti. Trond-Viggo signerer bøker etter foredraget.
Kampanjen 55 + skal sette fokus på dei som er frå 55 år og oppover, og gjere vangsgjeldingane bevisste på å planlegge for alderdomen i god tid. Kampanjen bygger på planleggelitt.no som er utvikla av Senteret for et aldersvennlig Norge.
Arrangementet med Trond-Viggo og Mari er ope for alle - uansett alder! :)
Lån gjerne boka «Resten av livet» på Vang folkebibliotek: Resten av livet - Vang (Valdres) folkebibliotek Boka er gitt ut på Frisk forlag som har kontor i Vang.
Del på:
-
Møt vår nye kollega!
Vi er veldig glade for å få med Vilde Hodneland Larsen på laget i Frivilligsentralen! Vilde skal jobbe som kommunikasjonsmedarbeidar saman med frivilligkoordinator Inger, når dagleg leiar Marte skal over i eit anna vikariat i eit års tid.
-
Les om alt vi gjorde i 2025
Årsmeldinga frå 2025 viser masse aktivitet og mange fine møter mellom menneske!
-
Vårprogrammet er klart!
Gjer deg klar for kviss, folkedialog, klesbyttedag, trebeskjæringskurs, sykkelmekking og mykje meir!
-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?