-
TV-aksjonen
Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen. Med din hjelp kan vi gje over 400 000 mennesker på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo ein trygg heim og eit håp for framtida. Du kan engasjere deg i Vang på forskjellige måtar.
Møt vår nye kollega!
Vi er veldig glade for å få med Vilde Hodneland Larsen på laget i Frivilligsentralen! Vilde skal jobbe som kommunikasjonsmedarbeidar saman med frivilligkoordinator Inger, når dagleg leiar Marte skal over i eit anna vikariat i eit års tid.Vilde er godt kjent med Frivilligsentralen og kommunen etter å ha jobba som ungdomskonsulent i Vang frå 2024, og ho har mykje relevant erfaring med frivilligheit frå tida før ho flytta til Vang. Ho gler seg til å ta fatt på jobben i juni – fram til då styrer Inger skuta åleine.
Sjølv med endringar på sentralen treff du oss som alltid på 46 81 64 73 // frivilligsentralen@vang.kommune.no . Vi har ope som normalt måndagar, tysdagar og onsdagar kl 11-15.
Allereie etter påske møter du Vilde i BUA, som held ope som normalt: tysdagar og torsdagar kl 15-16.
Del på:
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 2. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Fredagskosen er tilbake!
Det populære tilbodet er i gang att. Denne gangen har bulystteamet i Vang slege seg saman med Filefjellstuene.
-
Haustprogrammet er klart!
Her finn du alt frå fotballturnering, fortfattarbesøk, kviss, digitale foredrag, og meir!
-
Kickoff 55+ kampanje med Mari og Trond-Viggo
Vi kickstarter 55+ kampanjen med samtaleforedrag med Mari Garås Monsson og Trond-Viggo Torgersen i Vangshallen!