-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!🧡 Takk til områdeleiarane og bøsseberarane som har sørga for at alle hus har fått besøk! 🤩
🧡 Takk til alle som har gitt! I bøssene var det 32.143,50 i klingande mynt, + vippsing💰
🧡 Takk til alle som har sendt inn døropningsbilder! Det kom inn 60 bilder og vi nådde makssummen 📸
🧡 Takk til servicebedriftene ++ som støtta døropnings-kampanjen vår med 2500,- kvar: Coop Prix, Fondsbu Turisthytte, Kontorfellesskapet 1724, Valdres Sparebank, Joker Ryfoss, Intersport Filefjell, Taxi 03650 - Vang i Valdres, Studio Flatland, Sjokoladenoter, Rogn camping, Tyin Filefjell AS, Bygdeliv, Sara's Mat, Mjøsvang Kafe og Vang Energiverk 🥳
🧡 Takk til dei andre bedriftene som også har gitt! Mange innan bygg og anlegg har bidratt godt, og eit visst forlag slår på stortromma 😳 Du kan sjå heile oversikten her.
🧡 Takk til resten av komitéen og alle gode hjelparar som har dratt dette i land! 🙌
Og søyla vil fortsette å vokse:
🧡 VBU arrangerer FN-konsert førstkomande fredag kl. 10.30 og inntektene går til TV-aksjonen.
Frivilligsentralen set stor pris på å få delta i dette viktige arbeidet, det gir kunnskap og perspektiv, og vi kjem i kontakt med mange engasjerte folk. Funksjonshemma er verdas største minoritet og har det ekstra vanskeleg der det er krig og fattigdom, så det er veldig fint å kunne bidra til å gi oppmerksomheit og pengar til ei god sak som Altas-alliansen 🥰
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!
-
Haustprogrammet 2025 er lansert
Velkomen til forfattarbesøk og fotballturnering, sjakktreff og språkkafé, kviss og kurs, og mykje meir!!