-
Haustprogrammet 2025 er lansert
Velkomen til forfattarbesøk og fotballturnering, sjakktreff og språkkafé, kviss og kurs, og mykje meir!!
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!Døropnar-kampanje
- Ta eit bilde eller ein video av at du opnar ei dør! Kanskje skjer det noko uventa bak døra? Kanskje du opnar døra for nokon andre? Bruk gjerne døra som er plassert ut ved BUA eller finn di eiga dør.
- Send bildet/videoen til 46 81 64 73 eller frivilligsentralen@vang.kommune.no innan 15. oktober.
- Alle bilda blir publisert på facebook. For kvart bilde gir bedrifter i Vang 50,- til TV-aksjonen.
15 bedrifter sponsar kampanjen, det blir 750,- pr bilde! Så her er det berre å vere kreative og skape fine/morosame/engasjerande bilder eller videoar :) Desse sponsar døropnar-kampanjen:
- Kontorfellesskapet 1724
- Vang Energiverk
- Studio Flatland
- Bydeliv
- Coop Fjellvang
- Joker Ryfoss
- Sjokoladenoter
- Sara's mat
- Mjøsvang kafé
- Intersport Filefjell
- Rogn camping
- Fondsbu turisthytte
- Tyin Filefjell AS
- Vangivaldres taxi
- Valdres sparebank
NRK ønsker seg også videoar av alt som skjer, så send gjerne inn eigne videoer på Bidra.nrk.no/tvaksjonen
Bli bøsseberar
Sundag 19. oktober er sjølve aksjonsdagen. Bli med på årets viktigaste sundagstur! Registrer deg som bøsseberar på tvaksjonen.no eller kontakt ein av våre flinke områdeleiarar: Aud Kvale (Øye), Borgny Hovi (Vang), Sigrid Eggen (Åsvang) og Ingebjørg Høyne (Høre/Ryfoss)
Lag vaffellunsj
Engasjer arbeidsplassen din ved å lage vaffellunsj, og opprett ein spleis så alle svoltne medarbeidarar kan vippse pengar for vaffelen til TV-aksjonen.
Temakveld
Onsdag 15. oktober kl. 19 blir det temakveld på Vang folkebibliotek med Eli Døvresødegård Skattebu, der du kan lære meir om årets aksjon. Skattebu er tidlegare dagleg leiar i Ryggmargsbrokk- og Hydrocephalusforeningen. Ho lever sjølv med ryggmargsbrokk og har gjennom organisasjonen sitt arbeid fungert som likeperson i møte med mange andre som har den sjeldne diagnosen. Ho vil snakke om årets TV-aksjon og sin organisasjons bistandsarbeid i Zambia og Uganda, der ho sjølv har vore med og jobba for at folk med diagnosen skal få behandling og hjelp til å takla kvardagen. Skattebu kjem frå Øystre Slidre og har flytta tilbake dit som pensjonist.
FN-konsert
VBU arrangerer konsert på FN-dagen 24. oktober kl. 10:30, og inntektene derifrå går til TV-aksjonen. Velkomen til konsert!
Meir om Atlas-alliansen og kva pengane går til
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Saman skal vi gi naudhjelp, utdanning og moglegheiten til eit betre liv.
Stiftelsen Atlas-alliansen er funksjonshemma sin eigen paraplyorganisasjon for internasjonalt arbeid. Atlas-alliansen jobbar for å fremme rettigheitene og betre levekåra for menneske med funksjonsnedsettingar internasjonalt. Deira mål er like rettigheiter for alle menneske og at all norsk bistand og humanitær innsats skal vere inkluderande. Atlas-alliansen består i dag av desse åtte organisasjonane:
- Norges Handikapforbund
- Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
- Norges Blindeforbund
- Norsk Forbund for Utviklingshemmede
- Ryggmargsbrokk- og Hydrocefalusforeningen
- Mental Helse Ungdom
- Norges Døveforbund
- Stiftelsen Signo
1,3 milliarder menneske i verda har ei funksjonsnedsetting. Mange av desse lever i fattigdom og har ikkje same tilgang til utdanning, helsehjelp og arbeid som andre. I krigs- og konfliktområder er livet ekstra vanskeleg for funksjonshemma, og væpna konflikt fører til at fleire blir skadd. I Palestina risikerer ein heil generasjon barn å vokse opp med alvorlege funksjonsnedsettingar på grunn av krigen.
Pengane frå TV-aksjonen skal gå til skolegang, helsetenester og naudhjelp, samt hjelpemidler som skolebøker med punktskrift, rullestolar og proteser. Vi skal gi 200 000 menneske med funksjonsnedsettingar og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia eit betre liv.
Vi gler oss til å sette lys på ei viktig sak, og håper heile Vang blir med på å skape ein flott aksjon!
Helsing kommunekomitéen:
- Jørand Ødegård Lunde, leiar
- Marte Tangen, koordinator
- Erling Oppheim, næringskontakt
- Agata Gniewek Bøe, skulekontakt
- Derk Stegwee, fagkontakt
Del på:
-
Dugnad og fellesskap på tvers av kommunegrensa
Me møter dugnadsgjengen i gangvegen Ryfoss – Høre. Den gamle gutegjengen er midt i kvilen og kosar seg med kaffe og Arve`s kanelsnurrar. «Versågod», seier Arve, og plutseleg står eg med kaffekoppen i ei hand og kanelsnurr i den andre.
-
Møteplassen
Torsdag 8. mai kl. 15 ønskjer vi velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar. Denne gongen byr vi på musikkbingo med hits frå 60-talet!
-
Di framtid - di helse
Alle som blir gamle i Vang kjem til å møte ny velferdsteknologi. Også du!
-
Klesbyttedagen 2025
Laurdag 26. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!