-
Møteplassen
Torsdag 8. mai kl. 15 ønskjer vi velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar. Denne gongen byr vi på musikkbingo med hits frå 60-talet!
Dugnad og fellesskap på tvers av kommunegrensa
Me møter dugnadsgjengen i gangvegen Ryfoss – Høre. Den gamle gutegjengen er midt i kvilen og kosar seg med kaffe og Arve`s kanelsnurrar. «Versågod», seier Arve, og plutseleg står eg med kaffekoppen i ei hand og kanelsnurr i den andre.Gutegjengen, som no er vorte pensjonistar, har endå glimte i auga og latteren sit laust. Fleire har kjent kvarandre heile livet, sjølv om nokon kjem frå Vang og andre frå Vestre Slidre. Ryfoss har vore møteplassen gjennom generasjonar, så her er mange gode venskap på tvers av kommunegrensa. Historiene er mange, og dei kjem tett. - Hugsa du mø bada i Pyntekilen? Og badeplassen rett inni skogen her, hugsa du mø låg i telt der, Bjørn? Og livet på Foss Kafè og Fossevang hotel, det var tider det! - Men no er det andre tider, seier Bjørn og lettar på caps`n. Det er ikkje berre tynt og grått hår, det er jammen meg høgt hårfeste og, og gjengen får seg ein god latter.
Å gjere nytte for seg
Men korleis kom dette her i gang karar? Dugnad og sosialt samvær?
- Eg må ærleg innrømme at det å bli pensjonist var ein stor overgang, seier Arve Lokreim, drivkrafta i gjengen. - Det var trått i vinter. Ja, eg vart rett og slett litt deprimert. No skulle eg plutseleg fylle dagane mine sjølve, og det åleine. Eg sakna kollegane mine og morgonkaffien med dei, fortel han ettertenksamt. Men så kjem smilet fram og han seier at dette her er god medisin for både kropp og sjel, og dei andre nikkar med.
- Me har prata på dette gjennom vinteren, fleire av oss. Det hender me møtast i Svinebakken Auto (hjå Arve) ein og an fredagskvelden, tek ei pils i lag og praten går. Fleire syntes at det hadde vore fint koma saman og ta vare på det som «stavkarad`n» i si tid starta. Gjere noko i lag, for uss og dei andre som bur her. Føle at ein gjer noko nytte for seg, er ein god følelse. Då kan mø også gå heim etterpå, laga middag og ta ein kvil, slik som alle dei som fortsatt er i jobb gjer, seier Arve.
Prosjektet dei har halde på med, gjennom Ryfoss Vel, er brue over Vesleåne på Postvegen Høre – Kvismoen. Brue har kommuna ansvaret for, men «mø kan kji vente på det», kjem det turt og humoristisk frå ein…. - Då me sa at me kunne ta på oss jobben med ny bru, ville kommuna sjølvsagt ta utgiftene på materialane.
Brue er så å seie ferdig, og vorte eit praktbygg, og dei er ikkje så lite stolte over byggverket sitt. - Den er bygd for ein 300 års flaum, seier Arve. - Sjå rundt her, vatnet har take nye vegar ved sist flaum og vatnet herja med brue. No er den nye trygg!
- Inkji farleg ha Arve som arbeidsformann, seier ein, - han har jobba i vassdragsvesenet og veit kva han pratar om! - Eg kallar meg innkallar, seier Arve beskjedent. Men då kjem det raskt frå fleire: – mø kallar han formann! Ildsjel og drivkraft er også dekkande titlar, tenkjer me.
Nye prosjekt på trappene
- Tida med Foss kafè og Fossevang hotell er over. No er det skogen som blir mykje nytta. Den blir brukt av mange, og det er så godt ha den i nærområdet, seier Tor Kjell. Han og kona Grete er to av mange som brukar den mykje. - Det er velvære å ta ei runde her, uansett kor lang runde ein tek , så gjer det godt, seier Tor Kjell. I tillegg kan skogen by på både diskgolfbane og stolpejakt, så her er det noko for kvar og ein.
- Du må få med at folk kan bli med oss utan å jobbe, seier Tor Kjell. - Kom berre ver sosial, det er kjempetriveleg. Og det er ein inkluderande og artige gjeng.
- Den ganske så nyinnflytta pensjonerte journalisten Nils Kristen Helle seier han trivast i gjengen og Ryfoss. - Å ha skogen så nærme er gull for meg med to hundar, seier han. No er han med og bidreg i nærmiljøet, blir kjent med naboar og seier beskjedent at - eg er no berre handtlangar, så får dei nevenyttige ta seg av resten.
Det blir lagt planar framover, og neste prosjekt blir stirydding på vestsida (nordai berget eller vestreføld`n på lokalt språk). Om det ligg i Vestre Slidre, gjer det ingenting. Som sagt; kommunegrensa er det ingen som ser på her. Rydde og merke sti mot Hamaren frå byggefeltet er og på lista. Også må Gapahuken ved gangvegen rettast opp att etter at eit tre fall over den.
Her er det berre hive seg med, alle er velkomne!
Del på:
-
Di framtid - di helse
Alle som blir gamle i Vang kjem til å møte ny velferdsteknologi. Også du!
-
Klesbyttedagen 2025
Laurdag 26. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!
-
Idémyldringskveld: Bulyst og møteplassar
Er du engasjert i å skape gode møteplassar? Har du tankar om aktivitetar du saknar i Vang, eller andre tiltak for at alle skal trivast i bygda vår?
-
Politikarpraten våren 25
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene!